Inkluderande og trygg barnehagekvardag
Alle barn i barnehage har rett til å kjenna seg inkluderte og å oppleva at barnehagekvardagen er trygg og god.
Dersom ein tilsett opplev at dette ikkje er tilfelle, skal han eller ho alltid:
- Gripa inn og stoppa krenkinga med ein gong
- Sei frå til styrar i barnehagen
- Undersøka kva som er skjedd
- Setta inn tiltak, og laga ein plan med tiltak som bidrar til at barnet får ein trygg og god barnehagekvardag
Barnehagane nyttar BTI-modellen (Betre tverrfagleg innsats) for å sikra framdrift og brukarmedverknad dersom ein set inn tiltak.
Opplev du at barnet ditt ikkje har ein trygg og god barnehagekvardag?
Dersom du mistenker eller opplev at barnet ditt ikkje blir inkludert, eller har ein trygg og god barnehagekvardag, må du kontakta styrar i barnehagen, må du kontakta styrar i barnehagen. Barnehagen har då plikt til å undersøka og å gripa inn raskt.
Utdanningsdirektoratet har laga ein guide med god informasjon til deg som føresett.
Mobbeombodet
Barnehageborna i Rogaland har eit eige mobbeombod som er ein uavhengig person som barn og føresette kan kontakta for å få hjelp og rådgjeving.
Publisert av Elise Nedrejord
Publisert 16.12.2020 09.25