Sand barnehage

Sand barnehage

Sand barnehage er fordelt på to bygg, avdeling Randåsen og avdeling Joagarden. Dei to bygga ligg ca. 1 km. frå kvarandre. Frå august 2018 har barnehagen 84 barn i alderen 1 – 6 år. Mange av barna har bakgrunn frå andre land. Me verdset mangfaldet og meiner det er viktig at alle barna får oppleva at det finst mange måtar å tenkja, leve og handla på. Samstundes legg me vekt på inkludering og verdien av å tilhøyra eit fellesskap.

I nærområdet er det fleire fine naturområde med skog og bekk, som innbyr til utforsking og spennande leik. Me er mykje ute, og på tur. Begge avdelingane ligg i gangavstand til Sand skule, idrettsbanen og den nye svømmehallen.

Satsingsområda våre er livsmeistring og helse, sosial kompetanse og språk. Sand barnehage skal vera ein god stad og vera, leika og læra.


Anna informasjon:

Sand barnehage
Hovudnummer
Telefon 52 79 24 40
Linda Kolstø
Leder
E-post
Telefon 92 02 58 80
Mobil 92 02 58 80

Opningstid

Mån. - fre. kl. 07.00 - 16.30

(Etter skriftleg søknad frå foreldre kan barnehagen opne frå kl. 6.45 eller til 16.45. Turnus må leggjast ved.)

Adresse

Sand barnehage avd. Randåsen (besøksadresse):

Eidsvikvegen 1, 4230 Sand

Sand barnehage avd. Joagarden (besøksadresse):

Stegåsvegen 42, 4230 Sand