Utvida jakttid for elg og hjort frå 15. august til 31. januar

Utvida jakttid for elg og hjort frå 15. august til 31. januar

Miljødirektoratet har utvida jakttida for elg og hjort i fleire kommunar som ligg nært til Nordfjella og Hardangervidda villreinområde, deriblant Suldal.

Føremål og avgrensing

Utvidinga gjeld for jaktsesongane 2022/2023, 2023/2024 og 2024/2025.

Bruk av laus hund under jakt på elg og hjort vert ikkje tillaten i periodane 15.august - 31. august og 1. januar-31. januar. «Julefred» frå 24.desember – 31. desember gjeld framleis.

Jeger og jaktrettshavar vel sjølv når det skal jaktast på eige område, så lenge det er innanfor dei ytre rammene som er fastsett i forskrifta. Ved tidleg jaktstart bør ein vere ekstra varsam ved kolleskyting, då seint fødde kalvar ikkje følgjer mor si og kan bli etterlaten i ein fluktsituasjon.
Føremålet med utvida jakttid er å auke uttaket av hjortevilt, og derav redusera risiko for å spreie skrantesjuke til andre artar eller område.

Les forskrift om utvida jakttid

Turi Ottersland Tjøstheim
E-post
Telefon 98 68 31 04
Mobil 98 68 31 04