Utvida jakttid for elg og hjort frå 15. august til 31. januar
Miljødirektoratet har utvida jakttida for elg og hjort i fleire kommunar som ligg nært til Nordfjella og Hardangervidda villreinområde, deriblant Suldal.
Føremål og avgrensing
Utvidinga gjeld for jaktsesongane 2022/2023, 2023/2024 og 2024/2025.
Bruk av laus hund under jakt på elg og hjort vert ikkje tillaten i periodane 15.august - 31. august og 1. januar-31. januar. «Julefred» frå 24.desember – 31. desember gjeld framleis.
Jeger og jaktrettshavar vel sjølv når det skal jaktast på eige område, så lenge det er innanfor dei ytre rammene som er fastsett i forskrifta. Ved tidleg jaktstart bør ein vere ekstra varsam ved kolleskyting, då seint fødde kalvar ikkje følgjer mor si og kan bli etterlaten i ein fluktsituasjon.
Føremålet med utvida jakttid er å auke uttaket av hjortevilt, og derav redusera risiko for å spreie skrantesjuke til andre artar eller område.
Les forskrift om utvida jakttid
Publisert av Martine Førre
Publisert 01.07.2022 09.50