Tilskot til vedlikehald av private vegar

Tilskot til vedlikehald av private vegar

Eig du ein privat veg som er over 250 meter lang? Er det fast busetnad som brukar vegen? Er vegen open for vanleg ferdsel, og har standard slik at vanlege vedlikehald er tilstrekkeleg for standarden på vegen?  

Då kan du søkje om tilskot til vedlikehald av vegen din. 

Svingete veg - Klikk for stort bileteVeg Fotograf Elisabeth Bjørkhaug

Kven kan søkja?

Både grunneigar og etablerte veglag kan søkja. Me betalar ut til grunneigar eller veglaget ein gong per år, du som har søkt tidlegare og fått innvilga tilskot treng ikkje søkja på ny.  

 

Kor søkjer du?

Du kan søkja i dette skjemaet. 

Hugs å legge ved kart som viser kva veg du søkjer om tilskot for.  

 

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 26. april 2023. 

Audhild Leirvik
E-post
Telefon 48 25 85 90
Mobil 48 25 85 90