Status tunnelarbeid i Suldal kommune

Status tunnelarbeid i Suldal kommune

Visste du at det til saman er 48 tunnelar i Suldal? 
No og dei neste månadane vil Statens vegvesen gjera sikringsarbeid på 5 av dei.

Status Vågstunnelen:

  • Statens vegvesen planlegger å vera ferdig med sprenginga i tunnelen i løpet av februar. 
  • Resten av sikringsarbeidet i tunnelen vil pågå fram til ca. midten av april.

 

Status Suldalsporten:

  • Arbeidet er inntil vidare utsett på ubestemt tid, med bakgrunn i manglande midlar for 2024.


Andre tunnelprosjekt:

  • Statens vegvesen startar straks opp fleire mindre tunnelprosjekt.
  • Tunnelane vil ikkje bli stengt over lengre tid. 
  • Det vil for det meste bli kontinuerlig ledebilkøyring forbi arbeidsområda.
  • Bilistane bør berekna litt ekstra køyretid. 
  • Blålysetatar slepper alltid gjennom
  • Det blir tatt omsyn til kollektivtrafikk og fergeruter. 

 

Arbeida vil pågå eit par månader og gjeld desse tunnelane: 

  • Husatunnelen
  • Galtadalstunnelen
  • Osebergtunnelen
  • Rossajuvtunnelen
  • Kolstøtunnelen

 

I tillegg vil det vera vegarbeid på tunnelar mot Nesvik:

  • Kjøladalstunnelen
  • Vestre Vindsviktunnelen
  • Austre Vindsviktunnelen

 

Spørsmål

Me kan diverre ikkje svara ut spørsmål om vegvesenet sitt arbeid, men anbefaler å følgja med på trafikkmeldingar på www.175.no eller appen Vegvesen trafikk for oppdatert trafikkinformasjon.

Du finn også oppdatert informasjon om dette arbeidet på Statens vegvesen sine nettsider.