Oppgradering av Vågstunnelen

Oppgradering av Vågstunnelen

Oppgradering av Vågstunnelen gjer at tunnelen vil vera stengt i periodar frå 31.10-30.04:
 

  • Tunnelen vil vera stengt frå begge sider frå kl. 22-06
  • Det vil vera manuell dirigering og ledebilkøyring mellom kl. 18-22 kvar dag


Informasjonen som står på www.175.no er alltid gjeldande.

Sårbart

Det er sårbart når innbyggarane som bur i og rundt Nesflaten blir isolerte kvar natt, og me har difor jobba med å minimera risiko som følgje av dette. 


Minimera risiko

Våre prioritetar er liv og helse, kommunale tenester og innbyggarane sitt beste. Det er ulike tiltak som no er sett i verk: 

  1. Naudetatar, helsetenester og veterinær kjem gjennom: Naudetatar, helsetenestene og veterinær vil kunne passera tunnelen heile døgnet. Dersom desse har behov for å passera, er dei første prioritet.
  2. Raud respons, livstruande sjukdom: Det er oppretta eit samarbeid med Helse Fonna ved raud respons. Det betyr at ambulanse kan rykka ut frå Odda. 
  3. Besøke legevakt i Odda: Det er oppretta samarbeid med Helse Fonna i samband med legevaktbesøk på natt når tunnelen er stengt. 
  4. Tett dialog: Suldal kommune har tett dialog og oversikt med entreprenør
  5. Auka ope ferdsel: Det er open ferdsel mellom kl. 06-18, manuell dirigering mellom kl. 18-22. Utgangspunktet var manuell dirigering frå klokka 06-22. 
  6. Tilsette med turnusvakter: Innbyggarane som bur på austsida av tunnelen, med arbeidsplass i Suldal kommune - får tilpassa sine turnusvakter. 



Viktig informasjon til innbyggarane som bur på austsida av tunnelen

Dersom du som innbyggar på Nesflaten eller områda rundt har behov for å besøka legevakt innan tidsrommet tunnelen er stengt, skal du ringe 116117 som vanleg. Du informerer på telefon at du har utfordring med å besøka legevakt på Sand. Dersom lege vurderer at du skal få tid hos legevakt, vil du få tilbod om legevakt i Odda. 

 

Spørsmål?

Dersom du har spørsmål, eller andre henvendigar om tunnelstenginga – kan du kontakta Statens vegvesen eller BMO tunnelsikring AS.