Ny kommunalsjef for oppvekst

Ny kommunalsjef for oppvekst

Svein Carlos Nilsen Gjil har no starta opp i stillinga som kommunalsjef for oppvekst. Kommunalsjefen har ansvar for barnehagar, skular, Indre Ryfylke PPT og Introsenteret i Suldal.

Svein Carlos Nilsen Gjil - Klikk for stort bileteKommunalsjef oppvekst Suldal kommune

Barn og unge er motivasjonen

Svein Carlos er klar over at han har tatt på seg ei stor rolle, og det er barn og unge som er den store motivasjonen som ligg i botn. Han meiner nemleg at barn og unge fortener eit heilskapleg og tverrfagleg tenestetilbod, som ofte handlar om meir enn det som skjer i barnehagen og på skulen.

Kommunalsjefen nærmar seg snart 40, men ikkje heilt endå. Han er 39 år litt til, og ein aktiv mann som har litt av kvart å pusla på med: sauer, storfe, trening & jakt, barn, kone – og litt fotball.  

Han har lang erfaring innan oppvekstsektoren, og har tidlegare jobba som lærar, rektor, barnehage- og skulesjef. Han har også blant anna master innan leiing. 

Velkommen Svein Carlos.