Kraftkommunen Suldal er ikkje berre god på vasskraft, me er også landets beste kommune i å legga til rette for solceller.

Kraftkommunen Suldal er ikkje berre god på vasskraft, me er også landets beste kommune i å legga til rette for solceller.

01.11 mottok Suldal kommune prisen for «Årets solkommune 2023».
Suldal kommune produserer 630 watt solkraft per innbyggar. Dette er i verdstoppen og til stor forskjell for gjennomsnittet i Noreg som er 60 watt per innbyggar.

Prisutdeling - Klikk for stort bileteÅrets solkommune Suldal kommune

- Juryen er einstemmig om at prisen Årets solkommune 2023 skal gå til Suldal kommune. 
Er mektig imponert over satsinga og støtteordningane Suldal har. I vårt arbeid med å kåra årets solkommune var det ingen som kom betre ut, sier Ove Guttormsen, juryleiar og administrerende direktør i Nelfo.  

Det er Nelfo som deler ut den gjeve prisen.


Juryens grunngjeving

Kommunen satsar på sol og er ein av få kommunar med lokale støtteordningar til solkraft. Støtteordningane er veldig gode og både private og næringslivet kan søkja. Totalt er no Suldal oppe i 630 watt solkraft per innbyggar, dette er på nivå med europeiske land som har haldt på med dette i 20 år.  Suldal er en føregangskommune når det gjelder å byggja ut solkraft.  
- Dette er ikkje ein kommune som kun skryt av kva dei skal oppnå, men det er ein kommune som også har resultat å visa til, seier Guttormsen.

 

Stolt ordførar

Ordførar Mads Drange, mottok prisen på vegne av kommunen: 
- Suldal kommune er stolt over å bli kåra til årets solkommune for 2023. Det er viktig at også kommunane tar sin del av ansvaret for nasjonale målsetningar om energieffektivisering, og innbyggarane våre har respondert svært positivt på tilskotsordningane. Me har mottatt over 1200 søknadar siste året, kor meir enn 100 har handla om solceller på tak. No som me er godt på veg når det gjeld næringsliv, hytter og boligar, står kommunale bygg for tur i åra som kjem, seier Drange.

Ekspertjuryen bestod av: 

  • Ove Guttormsen, administrerande direktør for Nelfo 
  • Erlend Magnus Løvstakken, sivilingeniør i Nelfo 
  • Andreas Strømsheim-Aamodt, fagsjef i Nelfo 
  • André Bakeng, regionsjef Nelfo Trøndelag 
  • Marie Kolderup, fagansvarleg teknologi OneCo 
  • Anne Marte Minge Engh, SPM Solcellespesialisten 
  • Nils-Arne Lie, CEO Solcellekraft 
  • Trine Kopstad Berentsen, CEO Solenergiklyngen 
  • Silje Gjeraker, GM Otovo