Kjøp av eigedomen "Tønnefabrikken"

Kjøp av eigedomen "Tønnefabrikken"

Suldal kommune har inngått avtale med Gen2 Jelsa AS om kjøp av eigedomen “Tønnefabrikken” på Jelsa. Eigedomen er på totalt 16 800 kvm og samla bygningsmasse er på 8100 kvm. 

Attraktivt nærings- og/eller bustadareal

Eigedomen har ein unik plassering på Jelsa, den er solrik og har strandlinje med stort potensiale. Me ser det som strategisk viktig å ta hand om dette arealet på Jelsa. Dette er eit attraktivt nærings- og/eller bustadareal. Ved kjøp av tomta vil Suldal kommune kunne ta regi på kva type aktivitet den skal nyttast til. 

Det er vanskeleg å få tilgang på anna areal med dei same kvalitetane i kommunen. I lys av industrisatsingane på berakvam ser me det som strategisk viktig å sikra seg eigedomen. 

 

Det kan bli aktuelt å invitera inn private og offentlege aktørar for å utvikla eigedomen

Området er regulert, opparbeidd og inneheld ein bygningsmasse som kan nyttast til mykje. Suldal kommune manglar næringsareal og dette området kan nyttast både til næring og bustad.  Vidare eig Suldal kommune allereie kailinje på naboeigedomen. 

Her er mange moglegheiter, mellom anna for kontor/næringslokale og leilegheiter med god standard. Det vil vera positivt for Suldal kommune å få hand om eigedomen med sjølinje, mellom anna med tanke på tur- og rekreasjonsområde. Det kan bli aktuelt å invitera inn private og offentlege aktørar for å utvikla eigedomen og på denne måten auke attraktivitet og verdi.