Ikkje forstyrr villreinen

Ikkje forstyrr villreinen

Vinteren i år er særleg krevjande for villrein. Regn med påfølgjande frost har ført til at store beiteområde i høgheia har isa ned. Villrein trekk då gjerne ut mot lågareliggjande område for å finna beite, område der dei normalt er sjeldan å sjå. Villreinen slit altså med å finna mat og treng å bevega seg fritt, med minst mogleg forstyrringar. Me oppmodar om å syne særleg varsemd om du ferdast i villreinområde. 

Her er dei generelle villreinvettreglane: 

  1. Ikkje forstyrr villreinen; vel eit anna område dersom det er kjent at det er villrein i området du hadde tenkt å vitja. 
  2. Unngå å ferdast i villreinområde under kalvinga i mai; nokre stader er det ferdselsforbod.
  3. Følg merka løyper.
  4. Ha kontroll på hunden og undersøk lokale reglar for bandtvang.
  5. Hald deg i ro viss du ser villrein, slik at den kan trekka unna uforstyrra.
  6. Bruk kikkert og hald god avstand. 
Jarle Lunde
E-post
Telefon 40 41 89 67
Mobil 40 41 89 67