Har du ein bustad som kan leigast ut til flyktningar?

Har du ein bustad som kan leigast ut til flyktningar?

Me ventar mange nye flyktningar i 2024, og er difor på jakt etter ledige bustadar. Har du ein du kan leige ut?

Me ser spesielt etter bustad i nærleik til kollektivtransport, skule, butikk og barnehage. 

Både hus og hytte er av interesse

Me jaktar etter både hus og hytte. Kommunen har opna opp for mellombels og kostnadsfri bruksendring for deg som ønskjer å leiga ut fritidsbustaden din til flyktningar. 

Slik melder du bustaden din ledig

Enkelt. Fyll ut dette skjemaet, og du vil bli kontakta om bustaden din er aktuell. 
 

Introsenteret i Suldal
Telefon 52 79 23 88