Førebels årsrekneskap 2023

Førebels årsrekneskap 2023

God økonomistyring, meir skatteinntekter og auka avkasting på plasseringar gjer at Suldal kommune kan leggja fram et høgare netto driftsresultat enn budsjettert. Førebels rekneskap syner at Suldal kommune fekk eit netto driftsresultat på omlag 165 millionar kroner i 2023. Dette utgjer om lag 20 prosent av driftsinntektene.

Suldal kommune sitt førebelse rekneskap for 2023 syner eit netto driftsresultat på om lag 165 mill. kroner. Dette er 29 mill. kroner betre enn revidert budsjett. Netto driftsresultat utgjer om lag 20 % av driftsinntektene. Tilsvarande tall for netto driftsresultat i 2022 var 255 mill. kroner som utgjorde 27,7 % av driftsinntektene. 

Driftsutgiftene utgjer nær 722 mill. kroner, som er ein auke på 14 mill. kroner i forhold til 2022. Utgiftene er 1 mill. kroner mindre enn venta i regulert budsjett. Dette mindreforbruket er knytt til løns- og pensjons- utgifter 11,7 mill. kroner, mens det er meirforbruk på kjøp og overføring med omlag 10,7 mill. kroner. 

Det er generelt ein god budsjettdisiplin i organisasjonen. Dei fleste områda som varsla meirforbruk ved økonomirapportering i 2. tertial har redusert dette. Det er to unntak frå dette. Det er særs høge brøyteutgifter i 2023 og bemanningsutfordringar har medført meir kjøp av legetenester frå vikarbyrå. 

Driftsinntektene utgjer 820 mill. kroner, som er ein nedgang på 111 mill. kroner frå 2022. Inntektene er nær 14 mill. kroner større enn venta i regulert budsjett. 

Skatteinntekter og rammetilskot til Suldal kommune blei på 481 millionar kroner i 2023, noko som er 4 mill. kroner høgare enn budsjettert. Skatteinntektene (eks eigedomskatt) var om lag 6,0 prosent høgare enn året før. 

Overføringar frå staten har auka med 18,3 mill. kroner. Integreringstilskot har auka med 24,2 mill. kroner, mens overføringa frå havbruksfond er redusert med 5,9 mill. kroner. 

Det er reduksjon i driftsinntekter i forhold til året før på 102,3 mill. kroner. Reduksjonen fordelar seg om lag slik: 

• - 9,1 mill. kroner i rammetilskot 
• 7,1 mill. kroner i inntekts- og formueskatt 
• 1,5 mill. kroner i andre skatteinntekter 
• 31,9 mill. kroner i eigedomsskatt 
• -149,5 mill. kroner i sal av konsesjonskraft 
• 21,5 mill. kroner i refusjon og overføring frå andre og staten 
• - 5,5 mill. kroner i overføringar, gebyr og brukarbetaling 

Meirinntekt i forhold til revidert budsjett på 14,3 mill. kroner fordelar seg om lag slik: 

• 11,3 mill. kroner i inntekts- og formueskatt, 
• 0,3 mill. kroner i eigedomsskatt 
• 2,2 mill. kroner i naturressursskatt 
• -7,1 mill. kroner i rammetilskot, 
• 9,6 mill. kroner i refusjon og overføring frå andre og staten 
• - 2,1 mill. kroner i gebyr og brukarbetaling 

Finans 
Netto finansinntekt er 16,2 mill. kroner. Dette er ein auke på 19,6 mill. kroner i forhold til året før. Dette skuldast meirinntekt i netto renteinntekt, utbytte og avkastning på aksjar og obligasjonar. Netto renteinntekt aukar med 16,5 mill. kroner i forhold til året før. 

Investering 
Brutto investeringsutgifter i 2023 utgjer 220,3 mill. kroner. 

Dette fordeler seg på 
• 6,8 mill. kroner i digitalisering 
• 0,7 mill. kroner i kyrkje, miljø og køyretøy 
• 5,4 mill. kroner i brann- bil og bygg 
• 6,3 mill. kroner i vatn og avlaup 
• 16,4 mill. kroner i vegar og tomtefelt 
• 8,8 mill. kroner i kommunale bustader 
• 35,7 mill. kroner i næringsbygg 
• 16,6 mill. kroner i sentrumsutvikling 
• 123,6 mill. kroner i omsorgsbygg 

Eigenfinansiering av investeringane utgjer om lag 80,9 %. Resterande 15,9 % er finansiert med tilskot, og 3,2 % med lån.

 Kommunen si lånegjeld er 269,8 mill. kroner, ein reduksjon på 21,3 mill. kroner frå året før. 

Disposisjonsfond utgjer 526,3 mill. kroner, ein auke på 28,6 mill. kroner frå året før. Kommunestyret har gjort vedtak om disponering av 136,6 mill. kroner av desse. Sjå nærare forklaring i årsmelding og rekneskap med noter som kjem til politisk handsaming seinare i vår.

Prosessen vidare
Årsrekneskap er gjort opp etter gjeldande regelverk og overlevert til revisjon for kontroll og endeleg godkjenning. 

Årsrapport for 2023 vil bli offentleggjort i starten av april.

Årsrapport og årsrekneskap for 2023 skal til handsaming i formannskapet 23. og 24. mai og i kommunestyret 29. mai 2024. 

Karin Dokken Austvik
Kommunedirektør
E-post
Telefon 95 72 61 14
Mobil 95 72 61 14
Arnfinn Gundersen
Leder
E-post
Telefon 92 41 03 18
Mobil 92 41 03 18