Digital sårbehandling

Digital sårbehandling

Å vera innbyggar i Suldal er skikkeleg herleg på mange måtar, men me kan ikkje gøyma bort at avstandane kan vera lange her. Dette har tilsette i helse og Suldal heimetenester tenkt å gjera noko med. Innbyggarane våre må reisa langt for å få hjelp på sjukehuset i Haugesund. Dei har difor tatt på seg hodekamera, og kursa seg i digital sårbehandling!

Kurs i digital sårbehandling - Klikk for stort bileteDigital sårbehandling Suldal kommune / Harald Bjarne Hellesen

Få hjelp i Suldal

Det betyr at du etter kvart kan møta på legekontoret på Sand, eller at heimesjukepleiar kan oppsøka pasienten heime - for å få hjelp. Sjukepleiaren vil kobla seg på eit hodekamera og overføra direkte film til Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesykehus AS. Pleiaren som brukar kameraet vil få rettleiing frå HSR om korleis best  å behandla det aktuelle såret.


Kameraet er stemmestyrt, noko som gjer at pleiaren har to ledige hender til å stella såret med. Det kan både zooma inn og ut, og skru av og på lys. Pasienten kan sjå dei tilsette ved Haugesund Sanitetsforenings Revmatisme-sykehus AS via eit nettbrett.


Du kan altså få hjelp i Suldal og sleppa å reisa langt - sjukepleiaren får kyndig rettleiing i sårbehandling og opparbeider seg god erfaring og mykje kunnskap. Vinn-vinn!

Me håpar dette vil bli eit godt tilbod for deg.