Bondens nettverk

Bondens nettverk

Bonden har eit stort ansvar kvar dag. For alle bønder kan det oppstå situasjonar som kan vere vanskelege å handtera åleine. Det er ikkje uvanleg at ein mistar evna til å tenke klårt når ein står i ein vanskeleg situasjon, anten det er ei akutt krise eller ein belastande situasjon som tærer over tid. 

Dette kan Bondens nettverk hjelpa med. 

Få oversikt

Bondens nettverk kan hjelpa deg med å få oversikt og å legga ein plan, for å normalisera situasjonen. 

 

Kontaktpersonar

Du kan ta kontakt dersom du sjølv er i ein vanskeleg situasjon, eller om du er uroa for nokon andre. 

Kontaktpersonar Bondens nettverk Suldal
Namn Telefonnummer Representerer
Dagfinn S. Hatløy 99 50 50 94 Suldal kommune, landbruk
Anne Jorunn Lunde 96 94 23 63 Suldal kommune, helse
Helene Moe 92 27 92 37 NLR - Norsk landbruksrådgiving
Jarle Haugsland 97 56 19 90 Suldal bondelag
Odd-Inge Moen 91 12 84 33 Suldal Sau og Geit

 

Kontaktpersonane har teieplikt

Teieplikta vil bli ivaretatt. Det er heller ikkje automatikk i at heile nettverket blir aktivert ved kontakt med ein av deltakarane. 

 

Samarbeid

Bondens nettverk er eit samarbeid mellom Suldal kommune, Norsk Landbruksrådgiving (NLR), Suldal bondelag og Suldal Sau og Geit. 

Dagfinn Hatløy
Leder
E-post
Telefon 99 50 50 94
Mobil 99 50 50 94