Kvifor jobba for Suldal kommune?

Kvifor jobba for Suldal kommune?

I tillegg til alle moglegheitene du som tilsett i Suldal kommune har til kompetanseheving, er det endå fleire. Blant anna fleksitidsordningar, lønsvilkår over tariff, eit aktivt velferdsutval og betalt lunsjpause.

Betalt lunsjpause

Hos oss får du betalt lunsjpause! Det betyr at du i praksis jobbar 100 timar mindre i året, enn dei som ikkje har betalt lunsjpause. 

Velferdsutvalet

Me har eit aktivt velferdsutval som jobbar for at det skal vera endå betre å jobba i kommunen. Kvart år arrangerer dei sommarfest på ulike stader i kommunen. Her blir du invitert til eit godt måltid og felles aktivitetar med kollegaer på tvers av arbeidsplassene. 

Velferdsutvalet inviterer deg også til Kom-i-form-konkurranse, og felles fjellturar i kommunen, der du kan bli premiert om du er aktiv. Innimellom kan du også bli invitert på middag og foredrag. 

Tilsett Suldal kommune - Klikk for stort bileteTilsett teknisk drift Fotograf Nordtveit

Fleksitidsordningar

Det kan vera mange ulike grunnar i ulike fasar av livet som gjer du som tilsett ønskjer fleksibilitet når det kjem til arbeidstid. For tilsette utan fast arbeidsplan eller turnus, er det moglegheit for å legge opp ein eigen arbeidsdag mellom kl. 07.00 og 17.00. Du kan også avspasera opptil heile 12 dagar i året. 

For tilsette som har fast arbeidsplan vil me prøva å vera så fleksible som mogleg for å legga til rette for tilsette, særleg når det kjem til familiære behov. Frå 2023 starta me med årsturnus i helse, kor eit av måla er å skapa ei føreseieleg arbeidstid som er berekraftig i alle livsfasar. 

For nokon vil heimekontor også vera ei løysing som får kvardagen til å bli eit enklare reknestykke. Våre tilsette kan gjera avtale om heimekontor opp til 1 dag i veka med sin næraste leiar. 

Tillegg over tariff

Me ønskjer å behalda våre tilsette, og å vera ein attraktiv arbeidsgjevar for ny arbeidskraft. Difor har me i tillegg til tariffavtalen som er laga mellom KS og arbeidstakarorganisasjonane, eit tillegg som går utover tariff.

Ved tilsetjing blir det gitt følgjande tillegg på årsløn: 

  • Tilsette i kapittel 4 med høgare utdanning som ikkje fell under ein av gruppene under: 10 000 kroner
  • Sjukepleiarar: 25 000 kroner
  • Sjukepleiarar natt: 27 000 kroner
  • Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar startar med løn som om dei har 8 års ansiennitet
  • Spesialfysioterapeut: 15 000 kroner
  • Vernepleiar med særaldersgrense med arbeidsplass på Suldal bu- og aktivitetstiltak: 20 000 kroner
  • Fagarbeidar natt: 15 000 kroner
  • Pedagogisk leiar i barnehage (med stillingskode 7637 pedagogisk leiar): 26 000 kroner

Kompensasjonsdagar for leiarar

Ein leiar jobbar innimellom utanfor normal arbeidstid. Me ønskjer ikkje at dette skal gå for mykje utover fritida di, og livet utanfor jobb. Difor gir me deg som leiar opp mot 10 ekstra dagar fri i året, som du kan bruka på det du sjølv ønskjer. 

Bedriftshelseteneste

Me er ein aktiv brukar av bedriftshelsetenesta, noko me håpar er ein styrke for våre tilsette. Bedriftshelsetenesta nyttar me til alt frå arbeidsplassvurderingar og oppfølging av sjukefråvær til tilbod om samtale med psykolog for abeidsrelaterte vanskar. 

1 års betalt medlemskap i lag, organisasjon eller forening

Me ser at det kan vera fint å engasjera seg i eit lokallag når ein flyttar til ein ny kommune, eller ein ny stad i kommunen - for å skapa nettverk og å gjera seg kjent med kommunen utanfor arbeid. Difor sponsar me førstegongstilsette hos oss med eit års medlemskap i eit lag, organisasjon eller forening. 

Gorm Hol
E-post
Telefon 45 65 14 89
Mobil 45 65 14 89
Elise Nedrejord
HR-rådgjevar
E-post
Telefon 95 98 58 34
Mobil 95 98 58 34