Støtte til grunnutdanning
Me treng kompetanse no og i framtida. Difor gir me støtte til grunnutdanning både til våre tilsette, og til personar som ønskjer å jobba hos oss når dei er ferdig utdanna. Dette er noko me er stolte av å bidra med, og også vil halde fram med i framtida for å rekruttera den kompetansen me treng.
ABLU - Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning
I samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og Statsforvaltaren støttar me studentar som ønskjer å bli barnehagelærarar. I denne ordninga kombinerer du studier med praksis i ein barnehage over ein periode på 4 år. Etter utdanninga er du garantert arbeid hos oss, i 100% stilling.