Suldal kommune støttar grunnutdanning

Suldal kommune støttar grunnutdanning

Visste du at me har gode ordningar for støtte til grunnutdanning? Me treng kompetanse no og i framtida. Difor legg me til rette for at du som ønskjer å ta ein grunnutdanning, kan søkja oss om økonomisk støtte til utdanninga.

Sand skule - Klikk for stort bileteLæarar Fotograf Nordtveit

Kven kan søkja?

Både du som er tilsett hos oss i dag og du som ønskjer å arbeida for kommunen i framtida kan søkja om støtta. 

Det vil seie at det opent for alle å søkja.  

 

Kven får støtte?

Me tar ein individuell vurdering for kvar søknad som kjem inn. I behandlinga gjer me ein samla vurdering basert på blant anna kommunen sine satsingsområde, tilgjengelege midlar og behovet for kompetanse. Det vil og bli gjort vurdering om me krev bindingstid i kommunen etter utdanninga, dette er basert på kor mykje støtte Suldal kommune gjer i kvar enkelt sak.  

 

Korleis søkja?

Du som allereie er tilsett i Suldal kommune kan senda ein søknad via dette skjemaet

Du som ikkje er tilsett i Suldal kommune kan ta kontakt med organisasjonsrådgjevar Gorm Hol på e-post 

 

Søknadsfristar

Du må søkja før du startar på studiet, men du treng ikkje vite at du har fått plass når du søkjer. 

Me har frist 4 gonger i året:

  • 1. mars
  • 1. juni
  • 1. september
  • 1. desember

 

Tidlegare har me gitt støtte til desse utdanningane: 

  • Bachelor i sjukepleie (samarbeid med HVL)
  • Master i musikkterapi
  • Master i fysioterapi
  • Barnehagelærar (ABLU)

 

Me gir også støtte til vidareutdanning

Det er viktig for oss at våre tilsette skal få moglegheit til å kontinuerleg utvikla seg. Difor kan alle faste tilsette hos oss søkja om utdanningsmidlar for å ta vidareutdanning. Me har romlege budsjett og låg terskel for å gje deg støtte, så lenge det er kompetanse me treng. Det betyr at om du vil utvikla deg i ein retning, og me deler draumen din - er me gjerne med og støttar deg på vegen, også økonomisk. 

Om du har spørsmål kan du ta kontakt med organisasjonsrådgjevar Gorm Hol på e-post 

 

Suldal kommune som arbeidsgjevar

Me bryr oss om våre tilsette. På denne sida kan du lesa meir om Suldal kommune som arbeidsgjevar. 

Gorm Hol
E-post
Telefon 45 65 14 89
Mobil 45 65 14 89