Her kan du søkja om støtte til straumtiltak

Først treng me å vita litt meir om kven du er.


Endre svaret
Privat næringsliv, sameige/burettslag, lag/organisasjonar kan søkja på ulike støtteordningar.
Vel den ordninga du ønskjer å søkje på.




Endre svaret
Søk på tilskotet innovative prosjekt - næring

Dette tilskotet er endå ikkje opna opp for søknad. 

Du kan følgja med her på nettsida vår og facebooksida til Suldal kommune for oppdateringar når søknaden blir opna.

 

Om ordninga: 

  • Du kan søkja på dette tiltaket ut 2023. Det er lagt opp til tilsvarande ordning ut 2026
  • Du må søkja om støtte før du utfører tiltaket
  • Mva-registrerte verksemder vil få støtte utan mva
  • Du kan få tilskot til inntill 60% støtte til innovative energiprosjekt
  • Tiltaket vil bli skjønnsmessig vurdert
  • Maksimal støtte er kr. 500 000,-
Søk på tilskotet andre tiltak - næring

Om ordninga: 

  • Du kan søkja på dette tiltaket ut 2023. Det er lagt opp til tilsvarande ordning ut 2026
  • Du må søkja om støtte før du utfører tiltaket
  • Mva-registrerte verksemder vil få støtte utan mva
  • Tilskotet kan gjelda fjernvarme, biokjel/flisfyring, ventilasjon med meir
  • Klimaeffekten/energieffekten må koma klart fram av søknaden
  • Tiltaket vil bli skjønnsmessig vurdert
  • Maksimal støtte er på kr. 500 000,-, og tilskotet kan dekkja inntil 40% av investeringskostnaden.

Du kan søkja om støtte til andre energieffektiviserande tiltak - næring her.

Her kan du lesa reglementet for støtteordninga. 

Søk på tilskotet solceller - næring

Om ordninga: 

  • Du kan søkja på dette tiltaket ut 2023. Det er lagt opp til tilsvarande ordning ut 2026
  • Du må søkja om støtte før du utfører tiltaket
  • Mva-registrerte verksemder vil få støtte utan mva
  • Det vert gitt tilskot på 3000,- kr/kWp installert eksl mva.
  • Maksimal støtte er kr. 500 000,-
  • Kjøp og installasjon av solcelleanlegg i burettslag, sameige og private næringsbygg. For burettslag/sameige gjeld tilskotet felles solcelleanlegg
  • Næringslivet/landbruket er oppmoda til å søkje på andre tilskotsordningar i tillegg (til dømes gjennom Innovasjon Norge)
  • Anlegget må vera tilkopla elektrisitetsnettet gjennom ein plusskundeavtale

 

Du kan søkja om støtte til solceller - næring her.

Her kan du lesa reglementet for støtteordninga. 

Søk på tilskotet etterisolering og skifte av vindauge - næring

Om ordninga: 

  • Du kan søkja på dette tiltaket ut 2023. Det er lagt opp til tilsvarande ordning ut 2026
  • Du må søkja om støtte før du utfører tiltaket
  • Mva-registrerte verksemder vil få støtte utan mva
  • Tilskot kr/kvm, sjå tabell under. Slik satsane er i dag vil tilskotet utgjera mellom 10-40% av investeringskostnaden
  • Tilskot kr/kvm er illustrert i tabellen under
  • Tilskotet gjeld for bygg som er oppført før 1987
  • Areal og u-verdi på isolasjon og vindauge må koma fram i tilbodet
  • Maksimal støtte er på kr. 500 000,- for bygget/verksemda/organisasjonen
Tabell - Klikk for stort bileteEtterisolering og skift av vindu Suldal kommune

 

Søknadskjema støtte til etterisolering og/eller skifte av vindauge

Her kan du lesa heile reglementet for ordninga

Søk på tilskotet varmepumpe - luft til luft - næring

Om ordninga: 

  • Du kan søkja på dette tiltaket ut 2023. Det er lagt opp til tilsvarande ordning ut 2026
  • Du må søkja om støtte før du utfører tiltaket
  • Mva-registrerte verksemder vil få støtte utan mva
  • Maksimal støtte per varmepumpe er kr. 20 000,- (inkludert mva) inkludert installering. Tilskotet kan dekkje inntil 40% av investeringskostnaden
  • Du kan få støtte for maksimalt 5 varepumper per verksemd

 

Søknadsskjema for varmepumpe luft til luft

Her kan du lesa heile reglementet for ordninga

Du som eig hytte/fritidsbustad i Suldal kommune kan søkja ulike støtteordningar
Vel den ordninga du ønskjer å søkje på




Endre svaret
Private hushald i Suldal kommune kan søkja på ulike støtteordningar.
Vel den støtteordninga du ønskjer å søkja på.





Endre svaret
Søk tilskot til andre energieffektiviserande tiltak

Dette tilskotet er endå ikkje opna opp for søknad. Det kan gjelde tiltak som fjernvarme, biokjel/flisfyring, ventilasjon med meir. Tiltaket du søkjer for vil bli skjønnsmessig vurdert. 

Du kan følgja med her på nettsida vår og facebooksida til Suldal kommune for oppdateringar når søknaden blir opna.

Dette tilskotet kan du søkja på ut 2023 og gjeld tiltak gjennomført etter 01.10.2022. Det er også lagt opp til tilsvarande ordning ut 2026

Du kan utføra tiltaket først og søkja i etterkant om du ønskjer

 

Her kan du lesa heile reglementet for støtteordninga. 

 

Søk tilskot til reinbrennande ovn

Tilskot til reintbrennande ovn

Dette tilskotet kan du søkja på ut 2023 og gjeld tiltak gjennomført etter 01.10.2022. Det er også lagt opp til tilsvarande ordning ut 2026

  • Du kan utføra tiltaket først og søkja i etterkant
  • Du kan få tilskot til å installera 1 ovn
  • Du som søkjer må vera juridisk eigar av bygget ovnen blir installert i
  • Tilskotet dekkjer inntil 50% av investeringskostnaden
  • Du kan maksimalt få kr. 15 000,- inkludert installering
  • Gjeld utskifting av gamal vedomn som er kjøpt før 1998

Du får utbetaling frå oss når me får kopi av din faktura. 

Søknadsskjema for tilskot til reintbrennande ovn

Her kan du lesa heile reglementet for støtteordninga. 

Søk tilskot til etterisolering og skifte av vindauge i bustadhus

Om ordninga: 

  • Du kan utføra tiltaket først og søkja i etterkant om du ønskjer
  • Du som søkjer må vera juridisk eigar av bygget der tiltaket blir utført
  • Tilskot kr/kvm, sjå tabell under. Slik satsane er i dag vil tilskotet utgjera mellom 10-50% av investeringskostnaden
  • Tilskotet gjeld hus frå 1987 og eldre
  • Areal og u-verdi på isolasjon og vindauge før og etter gjennomføring av tiltaket må koma fram i tilbodet eller på fakturaen
  • Du kan ikkje kombinera det med støtteordning "oppgradering av bygningskropp" (totalrenovering) frå Enova
  • Maksimal støtte er kr. 50 000
Tabell - Klikk for stort bileteEtterisolering og skift av vindu Suldal kommune

 

 

 

Søknadskjema støtte til etterisolering og/eller skifte av vindauge

Her kan du lesa heile reglementet for støtteordninga. 

Søk tilskot til solceller

Dette tilskotet kan du søkja på ut 2023 og gjeld tiltak gjennomført etter 01.10.2022. Det er også lagt opp til tilsvarande ordning ut 2026

 

Om ordninga: 

  • Hushaldet kan få støtte til 1 tiltak. (Døme: Du kan ikkje få støtte til solcellepanel på både hus og hytte). 
  • Du kan utføra tiltaket først og søkja i etterkant om du ønskjer
  • Det vert gitt kr. 20 000,- til installasjon og kr. 4000,- per kWp installert, opptil 20 kWp
  • Maksimal støtte er kr. 100 000,- 
  • Du som søkjer må vera juridisk eigar av bygget/staden der solcellene blir installert.
  • Tilskotet gjeld for private hushald og hytter/fritidsbolig
  • Hytter/fritidsbolig må i søknaden lasta opp dokumentasjon på at ein har vært i dialog med Suldal kommune v/bygdeutvikling for å sjekke ut om tiltaket er søknadspliktig
  • Anlegget må vera tilkopla elektrisitetsnettet gjennom ein plusskundeavtale
  • Dersom du nyttar den kommunale ordninga vil du ikkje kunne få Enova støtte. Enova gir opp mot 35% støtte, det betyr at den kommunale ordninga er 25%-poeng betre. Enova kan i tillegg gi støtte til leasing, det kan du ikkje få i den kommunale ordninga. 

Du kan søkja om støtte til solceller her. 

Her kan du lesa heile reglementet for støtteordninga. 

Søk tilskot til varmepumpe - luft til vatn

Dette tilskotet kan du søkja på ut 2023 og gjeld tiltak gjennomført etter 01.10.2022. Det er også lagt opp til tilsvarande ordning ut 2026

 

Om ordninga: 

  • Du kan utføra tiltaket først og søkja i etterkant
  • Du kan få tilskot til å installera 1 varmepumpe
  • Du som søkjer må vera juridisk eigar av huset/hytta som varmepumpa installerast i
  • Tilskotet gjeld private hushald. Hytter som har installert vannboren varme kan også søkja
  • Tilskotsordninga dekker inntil 50% av investeringskostanden
  • Maksimal støtte er kr. 50 000,-

Du kan søkja om støtte til varmepumpe - luft til vatn her. 

Her kan du lesa reglementet for støtteordninga. 

Søk tilskot til varmepumpe - luft til luft

Tilskot til varmepumpe - luft til luft

Dette tilskotet kan du søkja på ut 2023 og gjeld tiltak gjennomført etter 01.10.2022. Det er også lagt opp til tilsvarande ordning ut 2026

  • Du kan utføra tiltaket først og søkja i etterkant. 
  • Du som søkjer må vera juridisk eigar av huset/hytta varmepumpa skal installerast i
  • Du kan få tilskot til å installera 1 varmepumpe
  • Du kan maksimalt få kr. 20 000,- og tilskotet kan dekkja inntil 50% av det du betalar for varmepumpe og installering. 

Søknadsskjema for tilskot til varmepumpe - luft til luft

Les reglementet for støtteordningane her

 

Vel eit av alternativene ovenfor
Ronny Mehus Rugland
Rådgjevar Økonomi
E-post
Telefon +47 95 73 16 67