Etablering av hurtigladestasjonar

Etablering av hurtigladestasjonar

Det skal vera enkelt å lada i kraftkommunen Suldal

I kommunen vår har me mange grender over eit langstrakt areal. Med vegar mellom fjell og dalar ønskjer me å sikra trygg ladestruktur i heile kommunen. 9 av 10 solgte bilar er el-bilar, og gjennom støtteordninga vil me legga tilrette for det grøne skiftet i Suldal.

Kraftlinjer - Klikk for stort bileteKraftlinjer Espen Emil Søreng

Om ordninga

Suldal kommune gir støtte til etablering av hurtigladestasjonar i Erfjord, på Jelsa, i Vatlandsvåg og på Vanvik. Ladeoperatørar kan søka om støtte for ei eller fleire grender. For Vanvik er det usikkert om det er behov for hurtigladar, så her vurderar me òg å støtta andre løysingar. For hurtigladestasjonar med nærleik til kai er det ønskeleg med tilbod på båtlading (opsjon). 

Kva støttar me

Suldal kommune støttar etablering av ein hurtigladestasjon per grend. Søknaden blir vurdert ut i frå støtteintensitet (kr/kw ) og forslag til løysing. Den som leverer best tilbod får støtte.  Søkjar må kunne visa til tidlegare gjennomførte tilsvarande prosjekt.

Kriteria for tilskot

  • Hurtigladestasjonen må ha ein kapasitet på minimum 150KW (utanom Vanvik, her kan ladeoperatøren kome med andre løysingsforslag).  
  • Hurtigladestasjonen må ha minimum 2 CCS-kablar. Det vil vera positivt om hurtigladestasjonen i tillegg har ein Chademo-kabel.
  • Hurtigladestasjonen må vera open for alle. Det må vere mogleg å betala utan å ha avtaleforhold med operatør.
  • Hurtigladestasjonen bør vera i nærleik av servicepunkt/butikk.  
  • Hurtigladestasjonen må vera tilgjengeleg for personbil og eventuelt for båt.  
  • Tilgjengelegheit for større køyretøy kan vera positivt, så fremt ladeplassen er i nærleik av servicepunkt/butikk.    
  • Ladeoperatøren må drifta hurtigladestasjonen i minimum 10 år.  
  • Hurtigladestasjonen må vera i drift innan 12 månader frå søknad om støtte er innvilga. 
  • Støtta blir utbetalt når hurtigladestasjonen er sett i drift.  
  • Det blir berre gitt støtte til investering, ikkje til drift.  
     

Slik søkar du

Send søknad til postmottak@suldal.kommune.no. 

Merk søknaden med «Tilskot til hurtigladar». Søknaden må skildra løysinga inkludert investeringskostnad, type lader, plassering og andre relevante forhold. Ein må svara ut om ein oppfyller kriteria for tildeling av støtte.  

Vedlegg til søknad

  • årsrapport/rekneskap for selskapet (gjerne som link)
  • skatteattest

Søknadsfrist

Frist for å søka støtte er 01.mai.