Vaksenopplæring

Ved introsenteret i Suldal har me norskopplæring, grunnskule og spesialundervisning for vaksne og har eit introduksjonsprogram for flyktningar.

Norskopplæring for vaksne

Alle som treng det, kan få norskopplæring på Introsenteret i Suldal. Dersom du har rett til norskopplæring etter Introduksjonslova, er opplæringa gratis. Dersom du ikkje har slik rett, må du betala for opplæringa. Ta kontakt med oss dersom du ønskjer å vita om du har rett på gratis opplæring, eller om du må betala.

Grunnskule for vaksne

Personar som er over 16 år, og som treng grunnskuleopplæring, har rett til dette. Du må ha lovelg opphald i Norge. Dersom du har rett til vidaregåande opplæring, har du ikkje rett til grunnskuleopplæring for vaksne. Er du i tvil, kan du kontakta Introsenteret.

Spesialundervisning for vaksne

Vaksne som ikkje har tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, kan få spesialundervisning. Vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikla eller halda ved like grunnleggjande dugleik, har rett til spesialundervisning.

Introduksjonsprogram for flyktningar

Flyktningar som nyleg har kome til Noreg, og som treng grunnleggjande kvalifisering har rett til introduksjonsprogram. Familiegjenforeinte med flyktningar kan og ha rett til introduksjonsprogram.

Søknad

Du må søkja om opplæring. For norskopplæring og grunnskuleopplæring for vaksne er det eigne søknadsskjema. For å få spesialundervisning for vaksne må ein først ha ei sakkunnig vurdering frå PPT.

Dersom du skal søkja om introduksjonsprogram må du kontakta Introsenteret personleg.

Her finn du søknadsskjema grunnskule for vaksne

Her finn du søknadsskjema for opplæring i norsk og samfunnskunnskap (600 timar)

Når du har levert søknad om opplæring eller deltaking i introduksjonsprogram, får du svar på denne innen tre veker.

Søknadsfrist

Det er løpande søknadsfrist for norskopplæring og grunnskuleopplæring for vaksne.

For introduksjonsprogram må du søkja så snart som mogleg etter at du har kome til kommunen.

Pris

  • Grunnskuleopplæring og spesialundervisning for vaksne er gratis.
  • Deltakarar på norskkurs som ikkje har rett til gratis undervisning betalar 2000 kr i månaden for dagkurs. Dette inkluderer lærebøker og tilgang til digitale læringsressursar.

Klage

Viss du ikkje er nøgd med vedtaket kan du klage til kommunen innan tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kvifor du ikkje er nøgd og kvifor du meinar vedtak bør endrast. Viss du treng veiledning kan du ta kontakt med kommunen. Opprettheld kommunen si avgjersle blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klaga skal tas til følgje.

Du kan levera klaga til postmottaket i kommunen.

Lovar og reglar

Introduksjonslova

Opplæringslova

Opningstid

Mån-fre: 08:30-15:00