Stipendordning for suldalsungdom ved Sauda vgs
Retningslinjer for utbetaling av stipend
Alle elevar tilhøyrande Suldal kommune kan søkja om stipend, dersom dei går på Sauda vidaregåande skule.
Stipendet skal utbetalast med kr 1000,- i månaden frå og med september til og med juni.
Eleven må senda ein digital søknad for å få stipend. Søknaden er utforma med avtale på siste side. Dersom retningslinjene for stipend vert oppfylla er avtalen gjeldande og stipendet vert utbetalt frå og med påfølgande månad.
Søknadsskjema
Her finn du søknadsskjema
Det må leggas ved stadfesting på skuleplass ved Sauda vgs i søknadsskjema
Eleven er plikta til å melda frå til Suldal kommune dersom han/ho avsluttar skulegongen ved Sauda vidaregåande skule i løpet av året. Utbetaling av stipend vert då avslutta.
For elevar under 18 år må føresette samtykka til avtalen.
Her finn du samtykkeskjema for føresette.
Publisert av Martine Førre
Publisert 18.08.2021 15.56