Indre Ryfylke PPT

Indre Ryfylke PPT

Indre Ryfylke PPT er ei interkommunal teneste for Suldal og Sauda og har kontor i begge kommunar.

Mangfald - Klikk for stort bileteBlader i ulik farge mangfald Jeremy Thomas Unsplash.com

  Alle barn og unge har rett til å få tilpassa opplæring og å bli inkludert i barnehagen og på skulen. Me gir råd og støtte til skular, barnehagar og vaksenopplæringa slik at dei kan legga til rette for ein god kvardag for alle. Nokon gonger utarbeider me også ein sakkunnig vurdering for å sikra at barn og unge med behov for særskilt tilrettelegging får den hjelpa dei treng. 

 

Me ønskjer å vera ei framtidsretta teneste som er med på å inkludera, støtta og hjelpa tidleg. Det er viktig for oss at føresette, barn og unge kjenner seg godt inkluderte når me jobbar saman, difor nyttar me BTI-modellen (Betre tverrfagleg innsats). 
 

Korleis kan du kontakta oss?

Me har kontaktpersonar i alle barnehagar og skular. Du kan kontakta dei direkte om du ønskjer. 

Kontaktinformasjon PP-kontaktar, Indre Ryfylke PPT
Barnehage/skule/oppvekstsenter PP-kontakt Kontaktinformasjon
Barnehagar: Stølane, Sand, Vinjar. Oppvekstsenter: Jelsa, Skular: Nesflaten Ane Camilla Hebnes 459 78 608
Barnehagar: Kjølvikstølen, Vanvik, Veslefrikk, Rustå, Leabøen, Brakamoen Anne Skree 901 38 713
Skular: Sand (1-4), Erfjord, Nesflaten, Vinjar Carina Helland Østerhus 988 43 282
Skular: Marvik, Sauda ungdomsskule og Sand skule (5-10) Randi S. Leirvik 971 65 419
Skular: Austarheim, Sauda ungdomsskule Vilde Digranes Mollatveit 459 78 607
Skular: Fløgstad, Risvoll Bente Baaserud 902 81 756

 

Kven er me?

Fagpersonane som arbeider hos oss har høg fagleg kompetanse, som oftast innanfor område som pedagogikk, spesialpedagogikk, tilpassa opplæring, inkludering m.m. 

Kva gjer me?

Me hjelper barnehagar og skular med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling, slik at barn og unge med behov for særskilt tilrettelegging får den hjelpa dei treng. Me utarbeider også sakkunnige vurderingar der lova krev det. 

Me har faste kontaktpersonar og faste møtetider i kvar barnehage og skule. Med det ønskjer me å vera tett på barnehage og skule for å sikra tidleg hjelp. 

Kven kan få hjelp?
  • Barn under skulepliktig alder med behov for særskilt oppfølging
  • Barn og unge i grunnskulealder med behov for særskilt oppfølging
  • Vaksne med spesialpedagogiske behov
  • Føresette. Føresette kan vera med i møte utan at det er sendt tilvising til PP-tenesta.
  • Tilsette og leiarar i barnehagar og skular. Barnehage og skule kan be om rettleiing for å jobba med læringsmiljø i grupper eller klassar. Barnehagar og skular kan også bestilla oss til å delta i barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling og system for kvalitetsutvikling.
Korleis kan ein få hjelp?
  • Barnehage og skule kan ta kontakt med PPT i tråd med BTI-modellen (kommunen sine retningslinjer for samhandling), og etter at foreldre har gitt samtykke til å ta kontakt. 
  • Føresette kan ta direkte kontakt med oss
  • Ungdom over 15 år kan ta direkte kontakt med oss
Kva kostar hjelp frå oss?

Tenesta er gratis

Er det nokon søknadsfrist?

Nei, du kan kontakta oss heile året. 

Kva kan PP-kontaktane hjelpa barnehagar og skular med?

Me har faste kontaktpersonar og faste møtetider i kvar barnehage og skule. Med det ønskjer me å vera tett på barnehage og skule for å sikra tidleg hjelp. Då kan me jobba med å blant anna: 

  • Gi råd i saker som omhandlar heile klassar, trinn eller grupper
  • Dela fagleg innhald for personalet på planleggingsdag og fellestid innan utviklingsarbeid og pedagogiske utfordringar
  • Vera ein samtalepartnar i analysearbeid
  • Gi informasjon om andre aktuelle hjelpeinstansar
  • Gi råd eller dela fagleg innhald til føresette, til dømes på foreldremøte, temakveld eller liknande
  • Hjelpa til i viktige overgangar som blant anna barnehage-skule
  • Observera og rettleia

Me har kompetanse innan ulike verktøy og tema, og tilbyr ein kompetansepakke til alle skular og barnehagar. 

Kven samarbeider me med?

Me samarbeider med barnehagar, skular og andre kommunale tenester som helsesjukepleiar, lege, fysioterapeut, barnevern med fleire. Andre viktige samarbeidspartar er Barne- og Ungdomspsykiatri (BUP), logoped, audiopedagog, habiliteringstenesta, Statped, hjelpemiddelsentralen med fleire.
Me samarbeider berre med andre dersom føresette har gitt eit skriftleg samtykke til tverrfagleg samarbeid.

Klage

Du som føresett

  • Kan krevja at kommunen undersøkjer om barnet ditt treng spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning
  • Skal bli involvert og seia ja før kommunen tar kontakt med PPT
  • Skal bli involvert og seia ja før kommunen bestemmer at barnet ditt skal ha spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning
  • Skal få ein skriftleg rapport ein gong i året om hjelpa barnet ditt får, og ei vurdering av korleis barnet ditt utviklar seg
  • Kan klaga dersom barnet ditt ikkje får spesialpedagogisk hjelp
  • Kan klaga på innhaldet, gjennomføringa eller organiseringa av hjelpa
Linda Skaar
Leder
E-post
Telefon 90 54 57 18
Mobil 90 54 57 18
Indre Ryfylke PPT
Hovudnummer
Telefon 52 79 22 44

Opningstid

Mån-fre: 08.00-15.30

Laur – søn: Stengt

Adresse

Besøksadresse: Eidsvegen 3, 4230 Sand. 

Postadresse: Eidsvegen 7, 4230 Sand. 

Organisasjonsnummer: 973 905 406.

Kart