Samarbeid mellom heim og skule

Samarbeid mellom heim og skule

Heim og skule er gjensidig avhengig av kvarandre, og god kommunikasjon bidreg positivt til skulen sitt arbeid med elevane sin læring oppvekstmiljø. 

Når vaksne engasjerer seg, blir elevane meir motiverte for læring, og dei trivst betre. Føresette er viktige støttespelarar i elevane sin skulekvardag, og skal saman med skulen opna døra mot framtida. 

Kven skal du kontakta når? 

Du har faglege eller sosiale spørsmål

Ta alltid kontakt med kontaktlærar først. 

Det skal vera låg terskel for å ta kontakt. 

Dersom andre skal involverast, er det kontaktlærar som hjelper deg vidare. Eksempel på andre som kan involverast kan vera: helsesjukepleiar, PPT, barne- og familieteam, spesialpedagog. 

Du er uroa for barnet ditt

I Suldal brukar me ein oppfølgingsmodell for å sikra at barn og unge får den hjelpa dei treng.  

Dersom du er uroa for barnet ditt kan du kontakta nokon på skulen. Me har fleire samarbeidspartnarar som kan vera med å hjelpa dersom noko er vanskeleg, som blant anna: 

  • Helsesjukepleiar
  • PPT (pedagogisk psykologisk teneste)
  • Barne- og familieteamet
  • Politikontakt
  • Barnevernstenesta
  • BUP (barne- og ungdomspsykiatri)
  • Fysioterapi
  • NAV
  • Frisklivsentralen
  • KE-koordinerande eining
  • Barne- og ungdoms-rettleiar
  • SLT-kontakt (rus og kriminalitetsførebyggande tiltak

Me tar aldri kontakt med andre tenester utan ditt samtykke først* 

*gjeld ikkje ved mistanke om alvorleg omsorgsvikt, då har skulen meldeplikt til barnevernet. 

 

Faste møtepunkt for samarbeid

Utviklingssamtalen

Utviklingssamtalen skal først og fremst vera eit positivt møte mellom eleven, føresette og skulen, der eleven sin faglege og sosiale læring står i fokus. 

Målet med samtalen er å få ei felles forståing for eleven sin utvikling, og at eleven får framovermeldingar om kva som skal til for å få ein god progresjon vidare, samt sjå på eleven sitt behov for støtte, tilrettelegging eller vidare utfordring. 

Foreldremøtet

Skulen inviterer årleg føresette på felles foreldremøte. Dette kan vera foreldremøte for foreldre på i ein klasse, i ei gruppe, på eit trinn, eller for heile skulen. 

Møta kan vera temabaserte, der føresette saman med skulen drøfter og reflekterer rundt eit tema. Skulen kan også invitera inn andre som kan gi innsikt til eit tema. Foreldremøta kan også vera ein arena for føresette å saman gi innspel og drøfta aktuelle tema som kan bidra til skulen sin utvikling, og elevane sitt faglege og sosiale miljø. 

Tips til korleis du kan bidra til eit godt samarbeid

  • Snakk med barnet ditt om skulekvardagen, vær nysgjerrig
  • Snakk med kontaktlærar dersom barnet uttrykker å ikkje ha det bra på skulen, eller du er uroleg for noko
  • Vær ein god rollemodell. Korleis du snakkar om skulen, tilsette, andre barn eller føresette - betyr noko
  • Følg med på informasjonen du får frå skulen
  • Delta på møter skulen inviterer til
  • Bruk skulemeldingsappen til å kommunisera med skulen om for eksempel fråvær
  • Engasjer deg i elevgruppa og fellesskapet barnet ditt er ein del av
  • Oppmuntre barnet ditt til å gå på skulen, ha forventningar om at barnet skal delta. Terkselen for å gå på skulen blir høgare til meir fråvære eleven har. Send barnet på skulen til riktig tid. Dersom barnet ikkje vil på skulen, ta kontakt for å finna ut korleis de på beste måte kan hjelpa barnet saman

 

Tips til korleis du kan vera med å påverka

  • Meld deg som klassekontakt. Føresette vel ein eller to klassekontaktar for klassen i starten av skuleåret. Klassekontaktane dannar saman FAU, som er bindeleddet mellom føresette og skulen. FAU vel ein leiar som deltar i Kommunalt FAU i Suldal.  Ein eller fleire representantar i FAU deltar også i skulemiljøutvalet (SMU), som skal sikra at skulen jobbar systematisk for eit godt og inkluderande skulemiljø
  • Samarbeid med klassekontaktane om å laga eit godt og inkluderande felleskap mellom føresette i klassen, og på trinnet/skulen

 

Regelverk i skulen

På denne sida får du som føresett god oversikt over regelverket i grunnskulen.