Permisjon frå undervisning

Permisjon frå undervisning

Du kan søkja permisjon frå undervisning i opptil 10 dagar per skuleår.  Her finn du informasjon om kva du bør ta omsyn til og korleis du søkjer. 

Ditt ansvar som føresett

Det er ditt ansvar som føresett å sørga for at eleven følgjer undervisninga under permisjonen. Då kan du følgja arbeidsplanen som kontaktlærar har gjort tilgjengeleg for deg. 

 

Slik søkjer du

Du kan søkja om permisjon opptil 10 dagar per skuleår. 

 

Permisjon 1 - 2 dagar

  • Dersom permisjonen er på 2 dagar eller mindre, kan kontaktlærar innvilga søknaden. 
  • Du sender søknaden inn via Transponder Meldingsbok.

 


Permisjon 3 - 10 dagar

  • Du må senda søknaden minst 14 dagar før planlagd fråver.
  • Det er rektor som handsamar søknaden.

 

Du kan søkja om permisjon via dette skjemaet. 

 


Fråvær utover 10 dagar

  • Det er ikkje mogleg å søkja om permisjon utover 10 dagar. Ved fråvær over 10 dagar skal eleven skrivast ut av skulen, og føresette har ansvar for opplæringstilbodet.
  • Eleven blir skriven inn igjen når føresette gir melding om det eller perioden ein skriv eleven ut frå skulen er over.
  • Dersom det er ledig kapasitet vil eleven få plass i si opprinnelege elevgruppe.
  • Eleven kan ikkje rekna med at skulen tilbyr ekstra undervisning for å ta igjen for tapt undervisning i fråværsperioden.

 

 Du melder eleven ut av skulen i dette skjemaet. 

 

Har du spørsmål?

Dersom du har spørsmål om permisjon frå undervisninga, eller å skrive eleven ut frå skulen - kan du ta kontakt med rektor. 

Svein Carlos Nilsen Gjil
Ass.rådmann/komm.sjef
E-post
Telefon 99 07 88 63
Mobil 99 07 88 63