Sand skule

Sand skule

Sand skule er ein 1-10 skule som ligg på Eide på Sand. 

Visjon

Skulen sin visjon er; «Me vil skapa ein stad for læring med tydelege vaksne, god struktur, gode relasjonar og trygge elevar som blir rusta for livet».

 

MOT-skule

Skulen er medlem av den ideelle organisasjonen MOT. Skulen vår har vald å satsa på Robust ungdom og Skulen som samfunnsbyggjar. MOT-satsinga er ein medverknad for å byggja ein varm og trygg skule, til liks med programmet SUPER, eit program frå same organisasjon som rettar seg mot dei yngste på barnetrinnet, som skulen vår er ein del av.

 

Elevar

Det er ca  300 elevar på skulen, ca 170 av dei er elevar på ungdomstrinnet og 130 er elevar på barnetrinnet.

Ca 25 elevar får opplæring i velkomstklassar frå eigen skule, i tillegg kjem det elevar frå andre skular frå 4.-7. trinn. 

 

Velkomstklassar

Velkomstklassane er aldersblanda fordelt på to klassar. (4.-6. trinn og 7.-10. trinn). Velkomstklassane er Suldal kommune sitt tilbod til elevar som har rett på særskilt norskopplæring.» 
 

Jorunn Hoås
Rektor/leder
E-post
Telefon 91 57 43 34
Mobil 91 57 43 34