Marvik skule

Marvik skule

Marvik skule er ein fådelt 1-7 skule som ligg på Ropeidhalvøya. Visjonen vår er Næring til vekst - sterke røter og robust stamme. 

Stolt og fådelt

Marvik skule er ein liten og stolt fådelt skule som ligg på Ropeidhalvøya i Suldal kommune. 

Visjonen vår er Næring til vekst - sterke røter og robust stamme. I det ligg det at me jamleg skal jobba for at både tilsette og elevar får god næring til å veksa. Me har ekstra fokus på robuste barn, me ønskjer å vera ein skule der elevane opplev at dei får verktøy til å meistra liva sine. Dei skal oppleva at dei står støtt i seg sjølv, og at det ikkje er så farleg om livet kjennes utfordrande og vanskeleg innimellom.

 

Tverrfagleg undervisning

På Marvik jobbar me med elevmedverknad, og elevane sin stemme er tydeleg: "Me ønskjer meir undervisning i større grupper, heile skulen saman, dette gir motivasjon". 

Difor har me ofte tverrfaglege tema og prosjekt saman på tvers av dei samanslåtte klassane, og til og med heile skulen i lag. Dei eldste får rettleia dei mindre, og dei minste ser opp og strekk seg etter dei som er større. 

Tanja Bergby
Rektor/leder
E-post