Ulla Førre Næringsfond

Ulla Førre Næringsfond

Ulla-Førre næringsfond vart oppretta i 1974, som ei kompensasjon til Suldal kommune for ulempene kraftutbygginga påførte kommunen. Ulla-Førre næringsfond skal nyttast til tiltak som fremjer næringsliv og busetnad i Suldal kommune. Det vert gitt tilskot og lån frå fondet. 

Kva er Ulla-Førre næringsfond?

Fondet skal fortrinnsvis nyttast til å fremja etablering av ny næringsverksemd og til vidareutvikling av eksisterande verksemder, men kan og nyttast til kommunale tiltak.
Årleg vert det budsjettert med midlar til støtte og lån til næringsutvikling.

Kven sit i fondstyret?
Fondstyre Ulla-Førre Næringsfond 2023 - 2027
Namn Parti
Mads Drange AP - leiar
Torbjørn Indrebø KrF - nestleiar
Kari Vaage Gjuvsland AP
Iren Klungtveit Slagstad AP
Øyvind Tveitane Lovra SP
Åshild Vetrhus SP
Berit Fyljesvoll Haugsland SP
Olav Lindseth V
Sverre Undrebakke H
Oppstartstilskot til bedrift

Nystarta bedrifter kan få oppstartstilskot på inntil kr 50 000,-. Tilskotet kan dekka halvparten av utgiftene verksemda har til oppstart. Tilskotet vert utbetalt etter innlevering av dokumentasjon på utlegg. 
 

Tilskot til kompetansebygging

Bedrifter og enkeltmannsføretak kan få tilskot til kompetansebygging på inntil kr 25 000,-. Tilskotet skal dekka reele utgifter som til dømes kursavgift, reis og opphald. Lønsutgifter vert ikkje dekka.
 

Søknadsfristar

Det er søknadsfrist 1. januar og 1. august.

Fristane vert kunngjort på kommunen sine heimesider.

Korleis søkjer eg?

Du søkjer via digitalt søknadskjema på denne sida. 

Her må du først registrera deg som søkjar før du kan søkja. 

 

Søknadar må vera i tråd med vedtektene for fondet. 

Søknadar må innehalda forretningsplan med budsjett. Når søknaden vurderast blir det innhenta økonomiske opplysningar om søkjar.

Retningslinjer og vedtekter

Fondsstyret har vedteke desse retningslinjene for vurdering av lånesøknadar:

  • Det skal leggjast meir vekt på å vurdera risiko i økonomivurderinga. 
  • Det skal òg leggjast meir vekt på vurdering av arbeidsplasspotensialet.
  • Det kan søkjast toppfinansiering med høgare risiko frå fondet – tilbake til tidlegare praksis med 3-delt finansiering – eigenkapital/ordinært lån/næringsfondslån.
  • Avdragsfritt 3-5 år, men rentefritt kun i eitt år.

For alle søknadar gjeld:

  • Samla kommunal stønad skal telja med i vurderinga. Det vert ikkje gitt tilskot dersom søkar har motteke kommunal støtte frå andre støtteordningar som Suldal kommunale næringsfond eller landbruksmidlar. 
  • Støtta i punkt 3 og 4 kan kommunedirektøren løyva administrativt dersom vilkåra er til stades. Alle administrative vedtak vert meldt fondstyret til orientering. 

 

Vedtekter

Vedtekter for næringsfond i Suldal kommune i høve utbygginga av Ulla Førre, med tillegg av dei årlege konsesjonsavgiftsmidlane kommunen får frå Hydro Energi Røldal- Suldal, gjeldande frå 21. februar 2024.

 

§1        Heimel, kapital og avkasting.

Næringsfondet er oppretta ved Kgl.res. av 13.09.1974.

a. Fondskapitalen er:

Grunnkapital på 10 mill innbetalt av staten (Statkraft) i medhald av post 8 i konsesjonsvilkåra for Ulla Førre-utbygginga, og seinare tilførte midlar.

Fondskapitalen (grunnkapitalen) kan ikkje nyttast til lån eller tilskot.

Fondskapitalen utover grunnkapitalen kan nyttast til tilskot og lån.  

 

b. Avkastinga er:

Årlege konsesjonsavgiftsmidlar som vert innbetalte av staten (Statkraft) i medhald av post 2 i konsesjonsvilkåra for Ulla Førre utbygginga og dei årlege konsesjonsavgiftsmidlane kommunen får frå Hydro Energi Røldal-Suldal i medhald av Kgl. Res av 10.12.1962.

Renter og anna avkasting av fondskapitalen.

Avkastinga kan nyttast til tilskot og lån.

 

§2        Føremål.

Fondet skal nyttast til tiltak som kan fremja næringslivet og busetnaden i Suldal kommune. Fondet skal fortrinnsvis nyttast til å fremja etablering av ny næringsverksemd og til vidareutvikling av eksisterande verksemder, men kan og nyttast til kommunale tiltak.

 

Det kan ikkje gis støtte til løpande drift av verksemder og kommunen.

 

Det kan ikkje gis støtte til sanering av gjeld i private verksemder. Dette utelukkar ikkje støtte frå fondet ved refinansiering av ei verksemd etter gjennomført gjeldssanering.

 

 

§3        Former for stønad

Støtte frå fondet kan gjevast i form av tilskot og lån.

 

Midlane bør ikkje nyttast til aksjeteikning i private bedrifter. Dersom kommunen teiknar aksjar, kan ikkje dette utgjera meir enn 30% av aksjekapitalen i bedrifta. Denne avgrensinga gjeld ikkje utviklingsselskap, utleigebygg og liknande som kommunen etablerar åleine eller i samarbeid med private interessentar.

 

Det er ikkje høve til å søkja stønad til same prosjekt som kommunen har gitt støtte til tidlegare.

 

Verksemder som mottek vesentlege overføringar frå statsbudsjettet bør ikkje prioriterast.

 

§4        Tilhøvet til internasjonale forpliktingar på statsstøtteområdet

Bruken av fondet skal vera i samsvar med det internasjonale regelverket Noreg til ei kvar tid har slutta seg til på statsstøtteområdet.

 

§5        Vilkår for stønad

Samla finansiering frå fondet til private næringstiltak skal som hovudregel ikkje overstiga 50 % av det totale kapitalbehovet for eit prosjekt, men kommunen kan setja ei lågare eller høgare grense om den ynskjer det.

 

Stønaden (tilskota) skal vera avgrensa til:

Maksimal stønad må liggja innafor ei grense på 300 000 ECU (omrekna i høve referansekurs fastsett av ESA – EFTA overvakingsorgan kvart år) til ei og same bedrift i ein tre-års periode.

  • Bagatell messig stønad kan gjevast alle bedrifter uavhengig av storleik
  • Det kan gjevast bagatellmessig stønad til alle typar kostnader og næringar, unnateke stønad til primær stålproduksjon, skipsbygging, transport og eksport.

 

Renta på utlån frå fondet skal svarast etter dei satsar kommunestyret til ei kvar tid vedtek.

 

§6 Forvalting

Kommunestyret oppnemner fondsstyre. Fondsstyret kan ha 5-9 medlemmer etter kommunestyret si nærare avgjerd.

Det er adgang til å delegera avgjerdsmynde frå fondsstyret til administrasjonen innafor nærare gitte fullmakter. Det kan også delegerast avgjerdsmynde frå fondsstyret til ordføraren etter nærare gitte fullmakter.

Kapitalen:

Fondsmidla vert plassert på renteberande konto slik at midla er disponible til ei kvar tid. Renter og avdrag vert tilbakeført til fondet.

Av fondskapitalen vert sett av 10% til eit urørleg grunnfond (garantifond). 15% av avkastninga vert årleg sett av til eit sikringsfond, som skal nyttast til å dekka eventuelle tap og garantiar. Denne avsetjinga må gjerast inntil sikringsfondet utgjer i storleik 20% av samla lån og garantiansvar. 

Budsjett/rekneskap:

Budsjett og rekneskap for fondet vert lagt til det budsjettet og den rekneskapen som kommunen fører, og skal vera i samsvar for føresegnene for dette. 

 

§7        Årsmelding

Det skal leggjast fram ei melding om fondet si verksemd for kommunestyret kvart år. Gjenpart av denne meldinga skal sendast Statsforvaltaren og fylkeskommunen.

 

§8        Godkjenning av vedtekter

Vedtektene kan endrast etter vedtak av kommunestyret.

 

Vedtektene er vedtekne av Suldal kommunestyre i sak 006/24 den 21.02.2024.
 

Informasjon og rettleiing

Dersom du treng rettleiing og informasjon om fondet og søknad kan du kontakta:

Næringshagen i Ryfylke

Astrid Brommeland, bygdeutviklar tlf 52 79 06 19 / 957 48 637