Nærdemokrati i praksis

Nærdemokrati i praksis

Demokrati er ein kjerneverdi i samfunnet vårt. For å sikra meir deltaking og større politisk engasjement og interesse hos innbyggarane våre, har me organisert det tradisjonelle kommunedelsutvalet i fleire grendeutval.

Eldre som syklar - Klikk for stort bileteEldre i Suldal Lise Bjelland, Skattkammeret Suldal

Grendeutvala skal arbeida for:

  • Å auka engasjement i lokalområdet
  • Fremja lokalområdet sine interesser gjennom samarbeid innan i området og med andre offentlege og private organ. Samarbeidet skal skje på ein måte som ikkje strir mot interessene til andre grendeutval eller mot kommunen sine interesser som samla eining. 

 

 

Grendeutvala kan bidra til:

  • Betre kontakt og meir nærleik mellom innbyggarane, politikarane og administrasjonen
  • Meir deltaking og større politisk interesse og engasjement hos innbyggarane
  • Representasjon frå eit større geografisk område
  • Spesiell ivaretaking av ulike geografiske ytterpunkt og spesiell identitet, som øysamfunn, fjellbygder og andre type lokalsamfunn som ligg langt frå kommunesenteret Sand
  • Betre informerte kommunale avgjersler med høgare lokal legitimitet og større lokal forankring
  • Betre kommunale tenester gjennom grendeutvala sin lokalkunnskap
  • Større lokalt samfunnsengasjement som fører til god lokalsamfunnsutvikling
  • Ta vare på eller bygga opp lokal identitet og samhold, slik at det skaper eit inkluderande og godt lokalsamfunn

 

Grendeutvala har tildelt ansvar for: 

  • Oppgåver knytt til fordeling av kulturmidlar
  • Kommunale fellesarrangement i grenda
  • Naudsynt samordning og samarbeid med andre offentlege og private organ/personar innan ansvarsområdet
  • Arbeidet skal vera i tråd med overordna kommunale planar og retningslinjer
Turid Vaage
Leder
E-post
Telefon 41 42 40 85
Mobil 41 42 40 85