Personvernerklæring

Personvernerklæring

Suldal kommune ønskjer at alle skal kjenna seg trygge på at personopplysningar blir handsama på ein sikker og rett måte, og kjenne til kva retter dei har etter personopplysningslova.

I personvernerklæringa kan du lese om korleis personvernet blir ivaretatt i Suldal kommune i samband med innsamling av personopplysningar.

Personvernerklæringa inneheld ein generell informasjon om korleis me samlar inn og brukar personopplysningar, og er integrert med eigen informasjon knytt til nettsidene våre.

Personvernerklæringa følgjer bestemmelsane i Lov om behandling av personvernopplysningar av 01.01.2001 (personopplysningsloven) med tilhøyrande forskrift.

Merk at personopplysningsloven i 2018 vil bli erstatta av nye personvernreglar i henhald til EU sin forordning for personvern (GDPR), som då blir norsk lov. Sjå kva dette inneber på nettsidene til Datatilsynet.

Suldal kommune vil forhalde seg til dei nye reglane når dei blir gjeldande.

1 - Behandlingsansvarleg

Kommunedirektøren er behandlingsansvarleg for kommunen si behandling av personopplysningar. Det daglege ansvaret er delegert til einingsleiar for den aktuelle behandlinga. Delegeringa omfattar berre oppgåvene og ikkje ansvaret.

Behandlingsansvarlig er den som bestemmer formålet med behandlinga av personopplysningar og kva hjelpemiddel som skal brukast. Behandlingsansvarleg er også den som er ansvarleg for at personopplysningslova og personopplysningsforskrifta blir fulgt.

 

2 - Formålet med behandling av personopplysningar

Suldal kommune behandlar personopplysningar for å kunne yta lovpålagte tenester og andre tenester til innbyggarane i kommunen. Kommunen henter berre inn opplysningar som er naudsame for å kunna yta tenester til innbyggarane. Opplysningane som blir samla inn, blir behandla i samsvar med dei reglar og forskrifter som gjeld for dei aktuelle tenestene.

 

3 - Rettsleg grunnlag for behandling av personopplysningar

Det rettslege grunnlaget for behandling av personopplysningar vil normalt vere fastsett i lov eller forskrift. Kommunen har utarbeida ei oversikt over kva opplysningar som blir samla inn og kva formål opplysningane skal brukast til.

Der det ikkje finnast lovheimel for behandling skal det liggja føre eit samtykke eller ein avtale før kommunen kan behandla personopplysningane dine. Du kan når som helst trekkje eit slikt samtykke tilbake. Personopplysningane vil bli sletta når formålet med behandlinga er oppfylt, med mindre anna lovverk seier at de skal oppbevarast.

 

4 – Kva personopplysningar blir behandla?

Gjennom forvaltning av lovpålagte tenester kan det vere aktuelt å henta inn alle typar personopplysningar, og sensitive opplysningar.

 

5 – Kor hentast opplysningane frå?

Personopplysningar blir primært henta inn frå personen sjølv. Dersom naudsamt, hentast opplysningar og frå Folkeregisteret, Brønnøysundregisteret og andre instansar, som helsepersonell, arbeidsgivarar, utdanningsinstitusjonar, pensjonsselskap eller andre offentlege myndigheiter.

 

6 – Er det frivillig å gi frå seg opplysningane?

Personopplysningar kan vere naudsame for å kunne yta aktuelle tenester, og kommunen kan i einskilde tilfelle difor ikkje levere tenester til deg dersom du ikkje ønskjer å gi frå deg naudsame personopplysningar.

 

7 – Blir opplysningane utlevert til tredjepartar? 
Dersom det ligg føre lovbestemt opplysningsplikt overfor andre, vil dei aktuelle registrerte personopplysningane bli overlevert i samsvar med krav frå myndigheitene. Relevante personopplysningar kan bli utlevert til tredjepartar som Suldal kommune samarbeidar med, for at me skal kunne utføra pålagte oppgåver og tenester.

Me vil ikkje formidla vidare informasjon av nokon art om deg til tredjepart, utan at du har samtykka til dette eller det er gitt tilgang til vidareformidling i lov (f.eks. i utveksling av helseopplysningar ved behandling av pasientar).

 

8 – Korleis blir opplysningane sletta og arkivert?

Opplysningar skal ikkje lagrast lenger enn det som er naudsamt ut frå formålet dei er blitt brukt til. Suldal kommune har likevel plikt til å oppbevara opplysningar der arkivlov eller anna lovgivning stiller krav om det.

Suldal kommune har internkontroll for å sikre korrekt handtering og sikring av personopplysningar etter personopplysningslova. Personopplysningar blir behandla i fleire IT-system, som alle har strenge krav til informasjonstryggleik og lagring. All tilgang til IT-systema er tilgangsstyrt, og trafikken blir logga.

 

9 – Kva rettar har den registrerte?
Alle har rett til generell informasjon om Suldal kommune sin behandling av opplysningar etter personopplysningslova.

Alle personer som me har opplysningar om, har rett på innsyn i de opplysningar som er registrert om ein sjølv.

Dersom opplysningane er feil, kan du krevje at dei blir retta eller noen gonger sletta. Dersom opplysningane er innhenta utelukkande på grunnlag av samtykke, kan dette samtykket trekkast tilbake. Krav skal svarast på kostnadsfritt og seinast innan 30 dagar.

 

10 – Korleis sikrast opplysningane?

Etter personopplysningslova har me ansvar for å sørgje for at alle personopplysningane me hentar inn og brukar i vår saksbehandling er tilstrekkelig sikra. Me har på bakgrunn av risikoanalyser innført rutinar som skal gi naudsam tryggleik.

Kommunen sine fagsystem blir sikra i samsvar med gjeldande krav, ut frå innhald og risiko.

Alle opplysningar som blir overført mellom datamaskinen din og våre servarar foregår over «sikker kryptert linje» (SSL) til vårt mottakssenter. Løysninga svarer til sikringa som er brukt i nettbankane. Personopplysningar blir behandla konfidensielt og ditt personvern blir ivaretatt.

Kommunen har et eige internkontrollsystem som følgjer opp dette:

  • Me sørgjer for at berre tilsette som har eit tenesteleg behov for det, får tilgang til opplysningane om deg.
  • Vidare sikrar me at opplysningar ikkje kan endrast eller slettast av andre enn dei som er autorisert til å gjere dette.
  • Me sørgjer for at personopplysningane er tilgjengelege for tilsette når desse skal utføra sine arbeidsoppgåver for å gi deg ei best mogleg teneste.
  • Me revurderer rutinane våre regelmessig, slik at tryggleiken til ei kvar tid er så god som mogleg. Dersom me oppdagar at ei rutine ikkje fungerer etter siktemålet, blir dette følgt grundig opp.
  • Me vil gi deg tilbakemelding på brot på personopplysningstryggleiken som fører til høg risiko for dine rettar og fridomar.

11 - Kontaktinformasjon

Suldal kommune har personvernombod som du kan kontakta for spørsmål, kommentarar eller varslingar som gjeld personvernet.

Personvernombodet i Suldal kommune er Therese Mattjus.

Therese Mattjus
E-post
Telefon 92 34 36 53
Mobil 92 34 36 53