Miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn

Suldal kommune ønskjer å visa samfunnsansvar og å dokumentera vår miljøinnsats. Difor jobbar me for å sertifisera alle einingar som Miljøfyrtårn.  

Me nyttar Miljøfyrtårn lokalt hos oss sjølv for å møta lokale klimautfordringar, men me nyttar det også som eit næringspolitisk verkemiddel. 

Me jobbar heilskapleg med miljøleiing, og einingane jobbar kontinuerleg for å redusera sine lokale påverknader på miljøet, i samsvar med Suldal kommuen sine overordna miljømål. 

No er 15 einingar sertifisert, 1 eining er under sertifisering og 10 einingar er potensielle for framtidig sertifisering.