Elektronisk signatur på arbeidsavtalar

Elektronisk signatur på arbeidsavtalar

Me nyttar elektronisk signatur av arbeidsavtalar. Kva betyr det for deg når du skal signera? 

Du mottar ein melding på e-post

Meldingen blir sendt til den e-posten du har registrert i Kontakt- og reservasjonsregisteret. 

 

Har du ikkje mottatt meldinga? 

Sjekk om du har registrert riktig e-post i Kontakt- og reservasjonsregisteret. Her kan du også oppdatera opplysningane dine om det viser seg at dei er feil. 

Dersom arbeidsavtalen allereie er sendt, kan du gå inn på Posten si nettside og signera her. 

 

Signering

Du må først logge inn for å lesa dokumentet. Når du signerer vil du bli bedt om å logga inn ein gong til. 

 

Lagre avtalen

Når du har signert vil ein kopi av dokumentet bli sendt til din elektroniske postkasse (dersom du har Digipost eller eBoks), og bli lagra der. 

Dersom du ikkje har digital postkasse (men brukar kun for eksempel Altinn), må du sjølv sørga for å lagra avtalen. Avtalen forsvinn frå signeringsportalen 24 timar etter at du har signert. 

 

Dersom du har reservert deg mot digital post

Gi beskjed til oss dersom du har reservert deg mot digital post. Me vil i så tilfelle senda arbeidsavtalen til deg i posten. 

Suldal sentralbord
E-post
Telefon 52 79 22 00