Varsling 24

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Varsling 24

Suldal kommune har  i bruk varslingssystemet, Varsling 24, for å varsle innbyggarar i eit geografisk område om hendingar via SMS.

Når blir systemet brukt?

Kommunen informerar nå våre innbyggarar digitalt ved hendingar der dette er føremålstenleg. Det kan vere ved vassavstenging, stengte vegar, evakuering, generelle servicemeldingar eller andre forhold som krev rask informasjon.

Korleis finn vi deg?

Det blir nytta tre ulike registre for å nå ut med informasjon til deg:

  1. Privatpersonar:
    Kontaktinformasjon blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet. Vi anbefaler deg å legge inn ditt mobiltelefonnummer og di e-postadresse i dette felles nasjonale kontaktregisteret. Dersom det er behov for å gje beskjedar frå det offentlege nyttar somregel dei kontaktinformasjonen frå dette registeret, til dømes gjeldande sjølvmelding. Oppdatering gjer du her.
     
  2. Bedrifter:
    Ved varsling av bedrifter blir bedrifta som tilhøyrer adressa varsla med bakgrunn i oppføring i Enhetsregisteret. Kontaktdata for bedrifter blir henta frå Digitaliseringsdirektoratet / (Altinn). Bedrifter med fleire adresser bør registrere desse som underenhet hjå Brønnøysundregistret.
     
  3. Tilleggsregister:
    Tilleggsregister kan du nytte dersom du ynskjer å motta varsel for ei bedrift eller for ei adresse som du ikkje er registrert med bustadsadresse på.

Har du ikkje vorte varsla?

1) Er du folkeregistrert på di adresse?
2) Har du oppdatert din elektroniske kontaktinformasjon?

Kva kan du gjere?

Oppdater dine opplysningar og meld alltid flytting til Folkeregisteret.

Bur du ein annan stad enn der du er folkeregistrert kan du registrere ditt telefonnummer på di adresse i Tilleggsregisteret. Hugs å endre dersom du flytter. Tilleggsregisteret er
konfidensielt og blir berre nytta av di kommune.

Registrer ditt telefonnummer i kommunens tilleggsregister her:
Velg Tilleggsoppføring – Legg til ditt telefonnummer (velg Privat)

Sårbare verksemder

Vårt Tilleggsregister knyt kontaktpersonar til verksemder med telefonnummer.
Kontaktpersonen vil motta varsel på SMS dersom SMS blir sendt frå kommunen.

Sårbare verksemder er bedrifter som er avhengig av vatn for å drive si verksemd.
Eksempel:
            Sjukehus og medisinske senter
            Alders- og sjukeheim
            Legar og tannlegar
            Barnehagar og skular
            Næringsmiddelprodusentar
            Restaurantar og kafear

Registrer di verksemd i kommunens Tilleggsregister:
Velg Tilleggsoppføring – Legg til ditt telefonnummer (velg Bedrift)