Varsel om oppstart av detaljregulering for Vinjarheim - Suldal kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega Areal as på vegne av Suldal kommune skal utarbeide detaljregulering til reguleringsplan for Vinjarheim, gnr./bnr. 27/9 m.fl. i Suldalsosen.

Varsel om oppstart er lagt ut på heimesidene til Suldal kommune og Omega Areal as.

Det utvida området er i arealdelen til kommuneplanen sett av til byggjeområde for offentleg og privat tenesteyting. Store delar av planområdet inngår i eksisterande plan for Vinjarheim, Suldalsosen. Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for utviding av Suldal omsorgssenter, ved å auke området for reguleringsplanen tilsvarande området avsett til byggjeområde for offentleg og privat tenesteyting i kommuneplanen sin arealdel, då dagens plan ikkje gir nok areal til å utvikle området med omsorgssenteret. Tilkomsten og dei eksisterande bustadane vil bli vidareført.

Området er av Suldal kommune vurdert til ikkje å utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU), då planendringa er i samsvar med overordna plan.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal as, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til

Omega Areal as, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 28.01.2019.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget bli utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming blir planforslaget utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle innspel og merknader til planforslaget før endeleg handsaming av planen.

Vedlagte filer: