Salsløyvet gjeld drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol. Løyvet vert gitt for inntil ein periode på fire år.
Kriterium for løyvet
- Løyvesøkjar og personar med vesentleg innverknad på verksemda på ha ulasteleg vandel
- Ha ein styrar og ein stadfortredar
- Styrar og stadfortredar må ha kunnskapsprøva i alkohollova, vere over 20 år og arbeide i verksemda.
- Det vert ikkje gitt løyve til bensinstasjon eller kiosk
Endring i eksisterande løyve
Viss det er endringar på løyvet i perioden må du melde frå til kommunen. Ei endring kan vere skiftar av styrar, driftskonsept eller eigarforhold, og større endringar kan føre til at du må søkje om nytt løyvet. Ta kontakt med Organisasjon og innbyggarkontakt i kommunen viss du er usikker.
Løyvet fell vekk ved overdraging av verksemda. Verksemda kan likevel halde fram på tidlegare løyve i inntil tre månadar viss løyvemyndigheita er informert og det vert søkt om nytt løyve innan 30 dagar etter overdraginga.
Søknad
Her finn du søknadsskjema.
Når me har motteke søknaden vert det henta inn uttale frå politi, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndighetene. Løyvet vert gjeve etter skjønn. Handsamingstida i kommunen er om lag tre månadar og søknaden skal handsamast politisk.
Du har høve til å klage på vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Du kan få rettleiing ved Organisasjon og innbyggarkontakt eller av sakshandsamar. Viss kommunen lar vedtaket stå vert saka sendt vidare til Statsforvaltaren.
Omsetningsoppgåve for alkohol - salsløyve
Det følgjer av alkoholforskrifta kapitell 6 at løyvehavare skal betala ei årleg avgift basert på omsetning frå førre år.
Frist for å levera omsetningsoppgåve: 1.mars
Gå til skjema for omsetningsoppgåve
Lovar, reglar og anna nyttig
Alkohollova
Alkoholforskrifta
Handbok i alkohollova (Helsedirektoratet)
Kunnskapsprøva - informasjon frå Helsedirektoratet