Leverandør til Suldal kommune

Frå 1.1.2015 vart kommunane pålagt av Staten å ta imot faktura elektronisk i standardformatet Elektronisk handelsformat (EHF), jf pressemelding fra regjeringen 19.03.2013

Suldal kommune har i sitt innkjøpsreglement vedteke at det ved inngåing av nye avtaler skal krevjast at leverandørar av varer og tenester sender faktura og kreditnota elektronisk i samsvar med EHF-standarden.  Faktura skal merkast med attestasjonsprofil til bestillar/betalar.

Merk særleg at:

  • Vår fakturaadresse er vårt org.nr: 964979189
  • Bestillar sin attestasjonsprofil må leggjast inn i feltet «accounting cost»/»cbc:ID» ofte kjent som «Deres ref.»,  og ha slik format xx-xxx
  • Evt. vedlegg må følgje EHF fakturaen
  • Av omsyn til datatryggleik, vil ikkje Suldal kommune ta imot faktura via e-post

    Dersom våre leverandørar manglar løysing for å sende EHF faktura, bed vi om at det blir teke kontakt med oss for rettleiing til alternative løysingar.
     

Dersom faktura og kreditnota til Suldal kommune ikkje kan sendast som elektronisk faktura, skal desse sendast til «Fakturamottak Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 SAND».  Faktura skal merkast med rett attestasjonsprofil som viser til den eininga som har bestilt vara/tenesta. Av omsyn til vår datatryggleiken vår, tek vi ikkje imot faktura på e-post. Dette gjeld både pdf filer og linkar til portalløysingar.

 

Betalingsvilkår

Suldal kommune ynskjer at betalingsvilkår minimum skal vere 30 dagar.

Me krev også at forretninsgsdokument er i samsvar med krava i bokføringslov m/forskrift til denne. Dokument som ikkje er i samsvar med dette, vil bli returnert.