Betaling for kommunale tenester/ innkrevjing

Betaling for kommunale tenester/ innkrevjing

Betaling for kommunale tenester/innkrevjing

Grunnlaget for fakturering av våre tenester blir normalt laga av ansvarleg eining. Utsending av faktura skjer frå Kommunekasseraren, som og mottek innbetaling og ajourføre den einskilde sin reskontro. Dersom krava ikkje vert betalt ved forfall, føretek kommunekasseraren vidare innkrevjing i saka.

Betaling av krav som er fakturert skal normalt gjerast opp til konto 3201 64 26244. Oppgjer for andre krav kan gjerast til konto 3202 07 01152.

Me har eigne betalingsordningar for Helse (lege, fysioterapi) og kulturhuset sine arrangement.

Forvaltning av kommunen sine utlån (sosiallån, næringsfondslån og evt andre)

Viktige forfallsdatoer:
Kommunale eigedomssavgift forfell til betaling halvårleg: 20. mars og 20. september

Andre kommunale fakturaer, feks. husleiger, heimetenester,  barnehage og SFO forfell 20. i kvar månad. Juli månad er betalingsfri for barnehage og SFO. 

Betaling

Tek du imot tenester eller får krav som du skal betale for, nyttar du tilsendt faktura. Slike tenester /krav  kan vere:

  • kommunale avgifter/eigedomsskatt
  • tekniske tenester
  • heimetenester
  • barnehage/SFO
  • kulturskule
  • husleige
  • leige av sal
  • torgleige
  • bibliotek
  • kino

Her kan du finne kommunen sitt Betalingshefte2020 (PDF, 3 MB)

I betalingsheftet finn du oversikt over alle avgifter, godtgjeringar og betalingssatsar.

Me tilrår alle å nytta avtalegiro og eFaktura. Husk å krysse av for melding via bank når du signerer avtalegiro. Du får då spesifikasjon på faktura i eige oppsett i nettbank. Sjå meir om avtalegiro og efaktura i boksen under.

avtalegiro og eFaktura

Suldal kommune tilbyr avtalegiro og e-faktura. Avtalen inngår du med banken din. Ein kan også bruke denne sida for å inngå eFaktura og Avtalegiro:

https://pvu.nets.no/pvu-suggestions/eident/login?logout

 

Me vil gjerne at fleire skal takka ja til eFaktura og/eller AvtaleGiro. Valet får du i nettbanken når du betaler rekninga di.

Fordelar med eFaktura

Enkelt - Du får rekningane dine rett i nettbanken din, ferdig utfylt.

Oversiktleg - Alle rekningane blir lagra i nettbanken. Når du får ei ny rekning, får du beskjed.

Praktisk - Du kan betala rekningane dine når som helst, uansett kvar du er.

Fleksibelt - Du kan endra både forfallsdato, beløp og kva konto det skal betalast frå. Du kan også stoppa betalinga.

Tidssparande -  Du treng ikkje å forholda deg til lange KID-nummer eller anna betalingsinformasjon.

Miljøvenleg - Med eFaktura sparer du miljøet for unødvendig papirbruk.

 

Fordelar med AvtaleGiro

Billig - Du får ingen fakturagebyr og rekningane blir alltid betalt i tide så du unngår purregebyr.

Enkelt - Banken syter for at rekningane blir betalt automatisk på forfallsdato.

Tidssparande -  Du treng ikkje å forholda deg til lange KID-nummer eller anna betalingsinformasjon.

Oversiktleg - Du har full oversikt i nettbanken. Før forfall vil du få varsling om komande trekk.

Fleksibelt - Du kan endra både forfallsdato, beløp og kva konto det skal betalast frå. Du kan også stoppa betalinga.

Hjelp oss med å spara både tid, pengar og miljøet. Gå over til eFaktura eller AvtaleGiro no.

Treng du hjelp eller lurer på noko? Ring oss eller stikk innom og spør.

Me er her for å hjelpa deg. 

 

Me kjem også snart med løysingar for tilsending og betaling av faktura via digital postkasse og Vipps faktura.

Ved anna betaling – husk KID-nummer.

Forfallsdato skal gå tydeleg fram av fakturaen. Kan du ikkje betale innan forfall, kan du ta kontakt og avtale eventuelle betalingsordningar med kommunekassen på tlf 52 79 22 00. Me oppfordrar alle til å nytta avtalegiro/ eFaktura.

Betal innan fristen, så slepp du renter og gebyr.  Dette vert berekna etter dei satsar og reglar som gjeld til ei kvar tid. Gjeldande satsar finn du under.

Satsar for renter og gebyr i innfordringa

Oversikt over gebyr og renter

2017

2018

Rettsgebyr

1049

1130

Inkassosats

700

700

Purregebyr (1/10 av inkassosatsen)

70

70

Betalingsoppmoding (3/10 av inkassosatsen)

210

210

Skriving av forliksklage (1 rettsgebyr)

1049

1130

Skriving av begjæring om utlegg (1 rettsgebyr)

1049

1130

Skriving av begjæring om tvangssal  (1 rettsgebyr)

1049

1130

Renter

8,50 %

8,50 %

*Beløp i heile kroner

Rettsgebyr pr 01.01.2018

Beløp

Begjæring om utleggsforretning

1 921

Gjennomført utleggsforretning

1 921

Begjæring om fråviking

2 373

Gjennomført fråviking

4 633

Begjæring om tvangssal av fast eigedom

2 373

Gjennomført tvangssal av fast eigedom

12 543

Forliksklage

1 130

Begjæring om tvangssal av lausøre

2 373

Gjennomført tvangssal av lausøre

5 763

* Beløp i heile kroner

Lover

Lov om tvangsfullbyrdelse (tvangsfullbyrdelsesloven) https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1992-06-26-86

 

 

 

 

 

Mirela Luminita Moe
Rådgjevar
E-post
Telefon 99 29 62 96
Mobil 99 29 62 96