Smil midlar 23-30

Smil midlar 23-30

Søknadsfrist og sakshandsaming

Suldal kommune har to fristar for å søkje SMIL- midlar:

  • 1.mai
  • 1. oktober. 

Vedtak om tildeling av midlane vert fatta administrativt av tilsette på avdeling for bygdeutvikling. Ei eventuell klage på vedtak vert handsama av Statsforvaltaren i Rogaland.

Krav til søknaden

Tiltaka som du søkjer om skal ikkje vera starta på.

Kommunen kan i enkelte tilfelle gi søkjar løyve til å starta arbeidet i perioden mellom søknad og vedtak. 

Du sender inn digital søknad med innlogging via ID-porten/Altinn. Gå til:

  • Skjema
  • Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL). 

Du kan finna informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn. 

Søknad og vedlegg

Som vedlegg til søknaden skal du legga ved kart og foto av dagens situasjon, evt. gamle foto som viser korleis det såg ut før behov for tiltak, teikning og/eller beskriving av plan for arbeidet samt eit kostnadsoverslag. Kostnadsoverslaget skal vera basert på innhenta tilbod eller standardprisar. Det vert berre gitt tilskot til kostnader eks. moms.
Dei fleste tiltak knytt direkte til ein vassførekomst vil vere søknadspliktig etter Forskrift om fysiske tiltak i vassdrag. Kommunen/vassområdekoordinator vil kunne vere behjelpeleg med planlegging, søknad og eventuell anna finansiering. 

Tilskotssatsar

Skal ligge til grunn for utmåling av tilskot og ved ev. klage på tilskotssats må Statsforvaltaren rette seg etter dei kommunale tilskotssatsane. 
Prioritet: skala frå 0 til 10 (0 har lågaste prioritet og lågast tilskotssats).Tilskotssats: høgaste tilskotssats som kommunen kan løyve, og må stå i forhold til prioritet. (normal tilskotssats har vore 35 %)

* Gjeld for dei prioriterte områda Natlandsvatnet og bekken ved Bergjord-Nerheim.

Tilskotssatsar SMIL-midlar
Kulturlandskap Verdifull innmark 9 70%
Verdifull utmark 9 70%
Andre tiltak KLSK 8 70%
Biologisk mangfald Hule eiker 10 100%
Slåttemark/slåttemyr 10 100%
Kystlynghei- går ut 0 0
Trua naturtyper 10 100%
Biologisk verdifulle areal 10 100%
Fjerne framande artar 10 70%
Andre tiltak BM 10 70%
Kulturminne/kulturmiljø Automatisk freda 9 70%
Verneverdige bygg 9 70%
Steingjerder ol. 9 70%
Andre tiltak KM 7 70%
Friluftsliv Turstiar/parkering 7 50%
Andre tiltak F 7 50%
Avrenning til vatn Hydrotekniske anlegg 7 70%
Opne lukka bekker 7 70%
Erosjonssikring 9 70%
Vegetasjon/kantsone vassdrag 10 70%
Mot flaum langs vassdrag 9 70%
Fangdammar - etablering - lite aktuelt 0 70%
Fangdammar - vedlikehald - lite aktuelt 0 70%
Avrenning veksthus - lite aktuelt 0 70%
Legge om erosjonsutsett areal 7 70%
Miljøplantingar 9 70%
Andre tiltak til vatn 6 70%
Tiltaksplan for vassmiljø* 10 70%
Lagerplass rundballar 6 70%
Utslepp til luft Tak gjødsellager 9 70%
Andre tiltak utslepp 8 70%
Plantevern Biobed - lite aktuelt 0 0
Andre tiltak PVM 8 70%

 

Frå strategien til Suldal kommune 23-30 (utdrag)

Administrasjonen har fått ansvaret for å gje SMIL-strategien innhald. Den blir sendt på høyring til Bondelaget, Skogeigarlag og diskutera i planlagt møte i januar vedr. næringstøtte i landbruket. Den er også sendt på høyring til Statsforvaltar. Tiltaksstrategien gjeld for 8 år, men med opning for å revidere dersom det vert endringar i nasjonale eller regionale målsettingar for SMIL.  
Den 8-årige tiltaksstrategien blir behandla politisk i kommunen den 13.06.2022. 

 

Hovudformålet med strategien

Hovudformålet med denne strategien er å stimulera aktive landbruksføretak som søkjar om produksjonstilskot og avløysartilskot til ein ekstra innsats ut over den daglege drifta på tiltak innan kulturlandskap og ureining. Gjennom denne SMIL-strategien vil kommunen i samarbeid med faglag landbruket, vera med på å ta vare på landbrukets kulturlandskap i tråd med nasjonale og regionale føringar for landbrukspolitikken. Ivaretaking av kultur-landskapet ut over normal landbruksproduksjon etter naturmangfaldlova og å redusere ureining etter vassforskrifta er framheva som sentrale satsingsområde. 

 

Kort om landbruket i Suldal 

Tal føretak som søkjer produksjonstilskot ligg rundt 200 pr år. Hovudproduksjon består av: Sau, storfe, mjølkeproduksjon og ammekyr, ein har og produksjon av egg, gris og frukt. 

Tal på mjølkebesetningar har gått ned i frå 61 i 2010 til 37 i 2020. Tal på ammekyr har auka. Føretak med slaktegris har også minka frå 14 i 2010 til 7 i 2020. Det er 8 føretak med verpehøns. 
Det som særpregar landbruket i Suldal er tilgang og nærleik til høghei og gode utmarksbeite, noko som og gjenspeilar seg i den store overvekta av sauedrift. I Suldal er det sau på 172 av 200 gardar. 

Arealet fordelar seg slik: fulldyrka 16 112 da ( 0,9 %), overflatedyrka 1 453 da ( 0,1 %), innmarksbeite  18 226 da  (1%), skog 576 248 da  ( 33,2%), busetnad/ samferdsel 7 622 da ( 0,4 %), anna markslag 482 261 da (27,8), ikkje kartlagt 634 329 da ( 36,5 %). 

Utfordringa ligg i å stimulera og bidra til fortsatt drift av alle gardsbruk for slik å hindra gjengroing av både innmarks- og utmarksareal samt hindre forfall av stølsområde og eldre bygg som ikkje lenger er ein del av den aktive drifta på gardane. 

 

Kort om vassforekomstar i Suldal

 
Suldal kommune er del av Ryfylke vassområde. Her jobbar kommunane og regionale sektormyndigheiter med tiltaksgjennomføring, overvaking og samarbeidsprosjekt. Formålet er å betre vassmiljøet i tråd med vassforskrifta. Vann-nett er kunnskapsbasen. Her finn ein blant anna informasjon om miljøtilstand, påverknad, gjennomførte tiltak og miljømål for alle vassførekomstar. 
I forhold til ureining  er det generelt god tilstand i vassførekomstane i Suldal. Nærare undersøkingar har likevel vist at nokre vassførekomstar ikkje tilfredsstillar krava til god tilstand. Bogsfjorden og Økstrafjorden har begge moderat tilstand. Dette er terskelfjordar med lite vassutskifting. Bekken ved Bergjord-Nerheim er også klassifisert til moderat tilstand. Nattlandsvatnet blei i 2017 klassifisert til moderat, mens ei ny undersøking i 2020 konkluderte med god tilstand. 
Områda med moderat tilstand bør prioriterast. Det bør her gjennomførast tiltak for å redusere organisk påverknad. 
Det er gjennomført fleire undersøkingar av sjøaurebekkar i kommunen dei siste åra . Dette gjeld sidebekkane til Suldalslågen og 19 andre bekker med utløp til fjord. I rapportane er det føreslått ei rekkje tiltak for å betra miljøtilstanden med utgangspunkt i sjøaure. Dette er ein «paraplyart», når ein betrar forholda for denne blir det samstundes betre biologisk mangfald elles. Tiltak som blir føreslått er blant anna etablering av kantvegetasjon, utlegg av gytegrus/stein, fjerning av vandringshinder, fjerning av røyr/opning av bekk, betring av erosjonssikring. Tiltaka føreslått i rapportane bør prioriterast. Dette for å betre miljøtilstanden. Fleire andre stader er bekkar lagt i røyr, kanalisert eller på anna påverka av inngrep slik at det biologiske mangfaldet er redusert. Det er her ønskjeleg å betre miljøtilstanden.

 

Kort om kulturlandskapet i Suldal

I Suldal har det gjennom tidene vore omfattande bruk av utmark til jordbruk, skogbruk, låglandsbeite, stølsbruk og fjellbeite noko som har gjort det meste av areala meir eller mindre kulturpåverka. Graden av påverknad varierer mykje, frå reine gras eller gran område til fjellområde der sauebeite fører til endringar i vegetasjonen som kan vera vanskelege å sjå.
 
Nokre typar kulturlandskap vert drivne og haldne i hevd no som før medan andre er tatt ut av bruk og i varierande grad er på veg tilbake til naturskog. 

Kulturlandskapet i Suldal er i følgje kulturminneplanen under press frå kraftutbygging, hyttebyging, tilgroing , forfall av kulturminne m.v. Dette har negative konsekvensar for det biologiske mangfaldet og det historiske kulturlandskapet. Ein må derfor vera bevist i forvaltinga av desse ressursane slik at ein bidreg til ei berekraftig utvikling. 

I Suldal har me to område definert som nasjonalt verneverdige kulturlandskapsområde. 
o Mokleiv – Klungtveit – Litlehamar – Hamrabø 
 Dette området er eit av 41 utvalde kulturlandskapsområde (UKL) i Noreg. 
o Ulladalen med Ørekvam 

Suldal er også ein del av Kulturhistorisk landskap (KULA). 
Som bidrag til å bevara og vidareutvikla kulturhistoria i Suldal vert det i tillegg til SMIL midlar utbetalt støtte til nydyrking og beiterydding. Det vert nydyrka om lag 100da pr. år og rydda beite på om lag 150da. 

 

Mål og tiltak for kulturlandskapet og vassførekomstar

Det kan gjevast tilskot til kulturlandskapstiltak som ved skjøtsel, vedlikehald og istandsetjing tek vare på natur- og kulturminne verdiar i jordbrukets kulturlandskap. Her følgjer nokre aktuelle tiltak:


1.    Biologisk mangfald. 
Bevare livskraftig bestand og leveområde for sjøaure, tilskotsgrunnlag 80%. Etablering og stell av kantsoner langs åker, stiar og vassdrag, samt gjenopning av bekker, tilskotsgrunnlag 60%. Oppfølging av vassforskrifta, miljøutfordringar i aktuelle vatn med tiltaksplan , tilskottsgrunnlag 80%. 

2.    Hindre spreiing av ugras frå område som ikkje er i drift ( langs kommunale, fylkes og private vegar, steintippar, m.m), og som er problemområde for andre område som er i drift  ( gjeld ikkje nedsprøyting av anna kulturmark). For område som ikkje er i drift, men som har stor kulturlandskapsverdi kan ein søkje om å fjerne ugras. Tilskotsgrunnlag 40%-80%. 

3.    Tilskot til fjerning av arter som er svartelista (Me nyttar artsdatabanken si opplisting frå hefte «Fremmede arter i Norge»). Tilskot maksimalt 70 %, med kr. 330 ,- / time for person. Landøyda og gyvel vil vere prioriterte arter. 

4.    Bevara freda og verneverdige bygningar. 
Stimulering til bruk av gamle og bevaringsverdige bygningar i jordbruket. Bygningar med høg verneverdi ( SEFRAK A og B), tilskotsgrunnlag maksimalt 35 %. Ta vare på bygningar med lokalt særpreg som ikkje gjev grunnlag for inntekt på garden som naust, skogskoier, mjølkekrakkar, kvernhus, buplassar, steingardar, gilar, hustufter, ruinar og andre bevaringsverdige kulturminne. Tilskotsgrunnlag maksimalt 60 %. 

5.    Friluftsliv. 
Suldal  kommune er ein stor hytte og reiselivs kommune med mange tilreisande som bruker utmarka  og fjellområda mykje. Difor har ein i strategien eit tilskotsgrunnlag på maksimalt 50% retta mot friluftsliv. 

6.    Avrenning til vatn
Ein har eit tilskotsgrunnlag på max 70 % på tiltak retta mot avrenning til vatn. 

7.    Utslipp til luft og plantevern har begge eit tilskotsgrunnlag på 70%.

8.    Suldal er ein del av Utvalde kulturlandskap, det er eit mål å sjå Utvalde kulturlandskap (UKL) og SMIL i samanheng. 

Elin Tjordal
E-post
Telefon 99 29 06 04
Mobil 99 29 06 04