Dreneringstilskot

Dreneringstilskot

Statleg tilskot til drenering av jordbruksjord. 

Tilskot tildrenering vart gjeninnført i 2013. Føremålet er å auka kvaliteten på tidlegare drenert jordbruksjord, leggja til rette for auka produksjon og redusera erosjon og overflateavrenning.

Klimaendringar medfører meir nedbør og periodar med høgare nedbørsintensitet, og stiller difor større krav til god drenering. NIBIOS jordsmonnstatistikk viser at ca 47 % av jorda i Norge har sjølvdrenerande jordsmonn, og meir enn halvparten har behov for grøfting/drenering. I 2010 anslo SSB at i overkant av 800 000 daa jordbruksjord hadde behov for å fornya dreneringa.

Det kan gis tilskot med inntil 2500 kroner per daa for systematisk grøfting, profilering og omgraving. Ved annan grøfting kan det gis tilskot med inntil 38 kroner per meter grøft. Det er viktig at det vert tatt omsyn til eventuelle kulturminne. Det er kommunen som kan innvilga tilskot, i samsvar med forskrift om tilskot til drenering.

Søknad

Her finn du søknadsskjema

Søknaden blir behandla av landbruksforvaltninga i kommunen. Dersom søknaden er i samsvar med regelverket og tilskot blir innvilga, har du ein arbeidsfrist på 3 år.  Dersom ikkje arbeidet er utført innan den tid, vil tilskotet falle bort

Klage på vedtak

Alle vedtak gjort av kommunen kan påklagast til Statsforvaltaren, jf forvaltningslova. Klagerett er 3 veker frå mottak av vedtaksbrev. Evt. klage skal sendast Suldal kommune, Bygdeutvikling, Eidsvegen 7, 4230 Sand.

Elin Tjordal
E-post
Telefon 99 29 06 04
Mobil 99 29 06 04