Sjuke- og aldersheim er eit tilbod til personar som har behov for pleie og omsorg heile døgnet, men som ikkje treng behandling på sjukehus.
Sjukeheimen i Suldal er døgnbemanna med sjukepleierar og helsefagarbeiderar. Det er ein eigen sjukeheimslege og me samarbeidar med fysioterapeut og andre hjelpeinstansar. Sjukeheimen har ein somatisk avdeling og ein demens avdeling, samt eige kjøkken og vaskeri.
Velferdsbustad
Velferdsbustaden er eit korttidsopphald organisert under Suldal sjukeheim. Bustaden ligg ved sida av sjukeheimen.
Bustaden er eit tilbod for kortare opphald, for butrening før utskriving frå sjukeheim, for brukarrettleing med personale og for besøk. Bustaden er utstyrt med ei rekke hjelpemiddel og teknologiske løysingar.
Opphald ved Velferdsbustaden tildelast via søknad til Bestillarkontor.
Pris
Statlege fastsette betalingssats Betaling for opphaldet er som for ordinær korttidsplass.
Korttidsopphald
Ordinært kortidsopphald og rehabilitering
Kortidsopphald er eit tilbod for vaksne med behov for døgnkontinuerleg tilsyn i ein periode. Det kan var observasjonar, behandling eller t.d. opptrening etter sjukehusopphald. Eit korttidsopphald er tidsavgrensa, men kan forlengast etter vurdering.
Opphald på lindrande seng
Tilbod til alvorleg sjuke og døande pasientar frå 18 år og oppover. Føremålet er å gje lindrande behandling, pleie og omsorg ved livets slutt til brukerar med kronisk liding eller anna alvorleg sjukdom.
Pris
Statlege fastsette betalingssats.
Avlastning for pårørande
Avlasting er eit tilbod til dei som bur saman med personar med store pleiebehov, og der ektefelle eller andre står for store delar av omsorga i det daglege. Avlasting kan gis regelmessig eller som eingongstilfelle. Tilbodet er ved somatisk avdeling. Det skal være ein hjelp for at den som normalt har pleieansvaret kan få ein fri periode frå dette. Det kan gis som ei helg, ei veke eller anna. Avlastningsordninga er gratis. Pasient må ha med sine eigne legemiddel.
Langtidsopphald
Langtidsopphald er eit tilbod til vaksne med behov for omfattande pleie, omsorg og behandling heile døgnet. Ein langtidsplass har ingen sluttdato, men varer så lenge behovet består.
Pris
Statlege fastsette reglar for vederlagsbetaling. Regulert i forskrift om vederlagsbetaling. I betaling for langtidsplass er utgifter til mat, legemiddel, tannlege, hygieneprodukt, klesvask og eigenandelar ved anna helsehjelp inkludert.
Augeblikkeleg hjelp døgn-seng
På somatisk avdeling har me ei "øyeblikkeleg hjelp døgn-seng" (ØHD-seng). ØHD-seng er ei seng der ein kan observere og behandle pasientar lokalt, som elles ville blitt sendt til sjukehus. Det er legevakt som legg inn på denne senga. Den er ikkje for barn og gravide. Diagnose og problemstilling skal var avklart. Maks ligge tid er 72 timar. Tilbodet er gratis.
Søknad
Ved å klikke på denne lenka kjem du til søknadsskjema.
Tildelingskontoret handsamar søknadar og gjer vedtak. Det er ingen søknadsfrist og du kan søkje når behovet oppstår. Sakshandsamar vil ta kontakt så snart som råd etter at søknaden er motteken og avtale vidare kontakt. Vurderinga skjer i samarbeid med deg og andre fagpersonar dersom du mottek tenester frå før.
Klage
Sakshandsamar kan gi råd og rettleiing dersom brukar har behov for å klage på vedtak.
Lovar og reglar
Helsepersonelloven
Lov om pasient- og brukarrettighetar
Lov om kommunale helse- og omsorgstenester
Forvaltningsloven
Publisert av Elise Nedrejord
Publisert 16.05.2018 11.09
Sist endra 28.05.2023 03.35