ROP-team

ROP-team

ROP-teamet gir tilbod til vaksne(over 18 år) med psykiske plager/sjukdom, og pårørande til nokon med psykisk sjukdom. Dersom du trur du står i fare for å utvikle psykisk sjukdom kan det vera bra å ta tidleg kontakt for å ha nokon å drøfta dette med.  
Tilbodet du får heng saman med kva situasjon du er i og kva som skal til for at du får det betre. 

Kva tilbyr me?

•    Tilvising til rusbehandling gjennom ruskonsulent
•    Arbeid i oppfølgingsteam som deltakar eller koordinator i Individuell plan (lenke)
•    Samarbeid med andre tenester (Nav, fastlege, spesialisthelseteneste) i rehabiliteringsprosessar
•    Bowlingsgruppe for ungdom
•    Dagtilbod med kreativ aktivitet og sosial meistring torsdagar

Kva kan ein ta kontakt om?
  • Hjelp til å meistra angst, depresjon og andre psykiske lidingar
  • Hjelp for søvnvanskar
  • Hjelp og støtte til rusrelaterte vanskar
  • Hjelp til handtering av legemidlar
  • Hjelp og støtte til pårørande
  • Hjelp til å skapa struktur og aktivitetar i kvardagen  
  • Hjelp og støtte til å meistra bu-situasjon
  • Hjelp til innsikt i eigen situasjon og støtte til å finna ut kva som skal til for å få det betre
Kva kostar det?

Tenestane frå ROP-teamet er gratis.

Spørsmål

Dersom du har spørsmål kan du kontakta fagleiar Gro Helland.

Du kan kontakta ROP-teamet gjennom tildelingskontoret eller be legen din senda ei tilvising til psykisk helse. 

Gro Helland
E-post
Telefon 90 14 54 46
Mobil 90 14 54 46

Opningstid

ROP-team

kl.08.00 - 21.00

Adresse

Bjødnateigvegen 21

4230 SAND