Psykisk helse

Psykisk helse

Eit tilbod til deg som har eller står i fare for å utvikle psykisk sjukdom, som opplev ei livskrise eller er pårørande til nokon med psykisk sjukdom.

Tilbodet avheng av situasjonen din og kva som skal til for at du skal få det betre.

Kva tilbyr me?

  • hjelp til å meistra angst, depresjon og andre psykiske lidingar
  • Kognitiv terapi
  • støttesamtalar, nettverksarbeid og miljøarbeid
  • handtering av medisin
  • dagtilbod med kreativ gruppe
  • lyrikk-gruppe
  • individuell plan og ansvarsgrupper
  • støtte og hjelp til pårørande
  • hjelp til å finna meiningsfylte aktivitetar
  • å strukturera kvardagen
  • støtte til å handtera bu-situasjon
  • samarbeid med NAV og andre tenester i rehabiliteringsprosess helse/arbeid/fritid
  • oppfølging av rusrelaterte vanskar, i samarbeid med ruskonsulent (NAV)

Korleis få tilbod?

Du kan anten ta kontakt med fagleiar på telefon på dagtid, sende søknad til bestillarkontoret eller få tilvising frå fastlegen. Miljøterapeutisk teneste kan også kontaktast for informasjon. Barn og unge under 18 år kan ta kontakt med helsestasjon, eventuelt psykisk helse for hjelp til å finna rett tilbod.

Slik søkjer du

Du finn søknadsskjema her. Det er ingen søknadsfrist og søknadar blir vurdert kontinuerleg.

Kva kostar det?

Psykisk helseteneste er gratis.

Klage

Sakshandsamar kan gi råd og rettleiing dersom brukar har behov for å klage på vedtak.

Gro Helland
E-post
Telefon 90 14 54 46
Mobil 90 14 54 46
Psykisk helse
Telefon 52 79 23 60

Tlf går til bestillarkontor og psykisk helse

Opningstid

Miljøterapeutisk teneste psykisk helse og rus:

Måndag - søndag: 08.00 - 21.00

Fagleiar:

Måndag - fredag: 08.30 - 15.00

Adresse

Bjødnateigvegen 21

4230 Sand