Butilbod for funksjonshemma

Butilbod for funksjonshemma

Suldal bu- og aktivitetiltak har ulike buformer for personar med funksjonshemming. Butilbodet er avhengig av den enkeltes funksjonsnivå.

Butilbod

  • Leilighet i bufellesskap for personar med ulike behov for tilrettelegging og støtte frå fagpersonar
  • Frittliggande leilighet som du leiger av kommunen. For personar som kan klare seg med bistand frå miljøtenesta.

Kven kan få tilbod?

Du kan søkje om butilbod frå kommunen dersom

  • du av ulike grunnar ikkje har mulighet til å skaffa deg eigen bustad
  • du har behov for særlig tilpassing på grunn av funksjonshemming

Slik søkjer du

Du finn søknadsskjema her

Du må beskriva ditt hjelpebehov i søknaden. Etter at du har sendt inn søknaden din, vil ein saksbehandlar ta kontakt med deg for å vurdere ditt behov.

Pris

Du teikner leigekontakt med Suldal kommune og betalar husleige etter kommunale satsar. Strømutgifter etter avtale. Du kan og på visse vilkår søkje om bustøtte.

Klage

Du kan klage på vedtaket viss du ikkje er nøgd. Send klage til kommunen. Viss du treng rettleiing kan du ta kontakt med bestillarkontoret.

Anne Kristin Egebjerg
Leder
E-post
Telefon 91 15 72 90
Mobil 91 15 72 90
Tildelingskontoret
Telefon 52 79 23 60
Avlastningsbustad
Telefon 48 86 83 69
Dagsenter
Telefon 52 79 08 50
Bufellesskap Nedre Dalane
Telefon 52 79 08 61
Bufellesskap Øvre Dalane
Telefon 52 79 08 60
Bufellesskap Kyrkjevegen
Telefon 52 79 08 66
Mobil 52 79 08 66