Dagsenter

Dagsenter

På Suldal dagsenter får vaksne med utviklingshemming tilbod om trening, opplæring, turar og sosialt samvær.

Tilbodet har fokus på å sjå enkeltindivid og legg opp til dagsplanar frå den enkeltes behov ogønskjer.

Suldal dagsenter tilbyr blant anna aktiviteter som:

  • Trim og fysisk aktivitet som turar og bading (pause til Suldal bad blir ferdig).
  • Dyrestell, me har høner og kaniner
  • Arbeidsoppgåver for Suldal kommune, som postrute og makulering
  • Matlaging
  • Song og musikk
  • Spel og puslespel

Kven kan få tilbod?

Vaksne personer (over 18 år) med en utviklingshemming eller utviklingsforstyrrelse som har behov for aktivitet på dagtid.

Søknad

Søk om helse- og omsorgstenester

Etter at du har sendt inn søknaden din, vil en sakshandsamar ta kontakt med deg for å vurdere ditt behov.

Kva kostar det?

Suldal dagsenter er eit gratis tilbod. Mat og private artiklar (eks sanitærutstyr og liknande) må ein halde sjølv.

Klage

Du kan klage på vedtaket viss du ikkje er nøgd. Send klage til kommunen. Viss du treng rettleiing kan du ta kontakt med bestillarkontoret.

Tilbakemelding

Dersom du mottar tenesta og ønsker å gi tilbakemelding, ta kontakt med fagleiar på e-post.

Tildelingskontoret
Telefon 52 79 23 60

Adresse

Nedre Dalane 41

4230 Sand