Korona- og influensavaksine i haust

Korona- og influensavaksine i haust

Hausten er i anmarsj, og det er tid for korona- og influensavaksinasjon. Vaksinen som blir nytta er ein ny og oppdatert type tilpassa variantar ein antar dominerer framover. 

Kven bør vaksinera seg?

  • Alle som er 65 år og eldre
  • Bebuarar i omsorgsbustad og på sjukeheim
  • Yngre ned til 18 år som inngår i ei risikogruppe
  • Ungdom mellom 12 og 17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • Barn frå 6 månader til 11 år med alvorleg grunnsjukdom, dersom legen vurderer dette som viktig
  • Gravide i 2. og 3. trimester. Vaksinasjon i 1. trimester etter vurdering, dersom den gravide har tilleggssjukdom som gir auka risiko

Det bør gå 3 månader frå sist vaksinasjon før du tar ny dose. 

 

I tillegg anbefaler me influensavaksine til: 

Andre som vil beskytta seg mot influensa kan få vaksine. Dei som er i risikogruppe og ikkje tidligare er vaksinert mot pneumokokkar (lungebetennelse), eller vaksinert for meir enn 6 år sidan, kan få den pneumokokk-vaksine samtidig. 

 

Koronavaksine

Du må bestilla tid for koronavaksinasjon. Du kan bestilla tid på Suldal legekontor. 

Kontaktinformasjon finn du på legekontoret sin nettside.

 

Influensa- og pneumokokkvaksine

Du treng ikkje bestilla tid for influensa- og/eller pneumokokkvaksine. Møt opp på våre drop-in tider på legekontoret/helsetunet: 

Drop-in influensavaksinasjon på legekontoret
Alder Dag Klokke
80-100 Onsdag 25. oktober 14.30-16.00
70-79 Torsdag 26. oktober 14.30-16.00
65-69 Onsdag 1. november 14.30-16.00
64 og yngre Torsdag 2. november 14.30-16.00

 

Pris influensa- og pneumokokkvaksine
Vaksine Risikogruppe Andre
Influensavaksine Gratis* Kr. 150,-
Pneumokokkvaksine Kr. 300,-* Kr. 350,-

 

*Alle betalar kr 100,- for å få satt vaksinen. Me oppfordrar til betaling med bankkort i automaten eller per telefon.

Det er ikkje dekning frå Pasientreiser ved reiseutgifter/drosje til vaksinering.

Alle som jobbar innan helse- og omsorg i Suldal Kommune vil få tilbod om vaksina på jobb.  

Legekontor
Telefon 52 79 23 00