Innsyn, retting og sletting i pasientjournal

Innsyn, retting og sletting i pasientjournal

Pasient- og brukarrettslova gir deg som pasient eller brukarar rett til å be om innsyn, retting og sletting i din eigen pasientjournal. 

Innsyn i journalen

Du som pasient, eller ein representant for deg, kan be om innsyn i din eigen journal. Den som er ansvarleg for journalen har plikt til å gi deg innsyn, og du har krav på kopi av journalen. 

Å be om innsyn er gratis, og du har klagerett.

 

Korleis be om innsyn?

Du som pasient må be helsepersonellet som har ført journalen, eller journalansvarleg, om innsyn. Om det ikkje ligg føre særlege tilhøve skal du kunne få innsyn i alle opplysingar. 


Dersom helsepersonellet avslår kravet, heilt eller delvist, får du ein melding om dette med ei skriftleg grunngjeving. Du kan klaga over avslaget til Statsforvaltaren. Klagen skal likevel først sendast til den som har tatt stilling til kravet. Dersom helsepersonellet opprettheld avgjerda må helsepersonellet senda kopi av relevant del av journalen vedlagt relevant grunngjeving til Statsforvaltaren som då tar ei endeleg avgjerd.

 

Retting eller sletting i journal

Du som pasient, eller ein representant for deg, kan be om at journalopplysingar blir retta eller sletta.

Den som er ansvarleg for journalen din har plikt til å vurdera og ta stilling til om vilkåra for retting og/eller sletting blir støtta. 
 
Journalopplysningar kan berre rettast eller slettast i dei tilfelle vilkåra er støtta. Du har klagerett. 

 

Korleis be om retting eller sletting i journal?

Du som pasient må be om retting og/eller sletting frå pasientjournalen. Det gjer du ved å fylla ut dette skjemaet.  Du må utforma kravet konkret slik at det er mogleg for helsepersonellet å ta stilling til kravet. Ei god framgangsmåte er å lage ei nummerert liste med konkrete krav om kva som skal rettast eller slettast og kvifor.
 
Dersom helsepersonellet avslår kravet, heilt eller delvist, får du melding om dette med ei skriftleg grunngjeving som også skal førast i pasientjournalen. Du kan klaga over avslaget til Statsforvaltaren. Klagen skal likevel først sendast til den som har tatt stilling til kravet. Dersom helsepersonellet opprettheld avgjerda må helsepersonellet senda kopi av relevant del av journalen vedlagt relevant grunngjeving til Statsforvaltaren som då tar ei endeleg avgjerd.

 

Pasient og representant

Det er pasienten sjølv, eller den som lovleg representerer pasienten, som har desse rettane. Representasjon blir vanlegvis dokumentert gjennom samtykke (skriftleg fullmakt), anna gyldig lovheimel eller anna gyldig rettsgrunnlag. Om ein advokat representerer pasienten i ei sak treng advokaten vanlegvis ikkje fullmakt.

Adriaan Ruiven
Leder
E-post
Telefon 45 42 26 97
Mobil 45 42 26 97
Marte Berekvam
Einingsleiar
E-post
Telefon 97 51 54 81