Helsestasjon for ungdom

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Helsestasjon for ungdom

KORT FORTALT

  • Helsestasjon for ungdom er eit tilbod som er for deg i alderen 13-20 år
  • Tilbodet er for deg som bur i Suldal kommune
  • Du finn oss på Helsetunet på Sand, til venstre når du kjem inn hovudinngangen
Korleis kan du koma i kontakt med oss?

Du treng ikkje å bestilla time på førehand. Du kan berre koma innom.

Du kan også ringa oss om du vil, telefonnummer finn du på denne sida. 

Kva kan me hjelpa deg med?

Det er ingenting som skal vera flaut eller skummelt å dela med oss. Me er her for deg, og snakkar gjerne med deg om alt du tenkjer og lurer på. Me har ikkje lov til å dela det du fortel oss til nokon andre, med mindre du ønskjer me skal gjera det. 

Noko av det me kan hjelpa deg med er: 

  • Testing for kjønnssjukdomar
  • Spørsmål om seksuell helse
  • Rus
  • Mat
  • Samtale om det du kjenner er vanskeleg
  • Resept på p-piller eller annan prevensjon

 

Dersom du opplev at noko er vanskeleg, og ikkje veit kven du skal snakka med eller kven som kan hjelpa deg, kan du du snakka med oss. Me skal hjelpa deg så godt me kan. 

Helsestasjonen
Jordmor, Helsesjukepleiar
Telefon 52 79 23 10

Opningstid

Tors kl. 14.00 - 15.30

(Gratis og utan timebestilling)

Ta kontakt for avtale i skuleferiar

Adresse

Helsetunet

Eidsvegen 3

4230 Sand

Kart

Kart