Helsestasjon for born 0-5 år

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Helsestasjon for born 0-5 år

KORT FORTALT

  • Helsestasjonen er eit gratis helsetilbod til alle born i alderen 0-5 år og familiane deira.
  • Hos oss får du rettleiing, helseundersøking og vaksinasjonar
  • Du finn oss på helsetunet på Sand, til venstre når du kjem inn hovudinngangen
Kva kan du få hjelp til på helsestasjonen?

Me kallar jamleg alle barn inn til konsultasjonar på helsestasjonen. Du kan også sjølv ta kontakt med oss dersom du har behov. 

Rettleiing og støtte

På helsestasjonen kan du få rettleiing og støtte i spørsmål om vekst, utvikling og samspel og tilknyting hos barnet ditt.

Tema me kan hjelpa med kan vera:

  • Amming og ernæring
  • Reaksjon etter svangerskap og fødsel
  • Stell av sped- og småborn
  • Søvn
  • Språkutvikling
  • Grensesetting
  • Leik

Helsestasjonen gir tilbod om rettleiing individuelt, eller i grupper.

Kven møter du hos oss?

Hos oss kan du møta

  • Jordmor
  • Helsesjukepleiar
  • Helsesekretær
  • Lege
Korleis kan du koma i kontakt med oss?

Når du/de har født eller adoptert eit barn skal du ringa til helsestasjonen. Barnet ditt vil då få oppfølging og tilbod om helseundersøking og vaksinasjon ved ulike alderstrinn.

Hos oss får du rettleiing og støtte i spørsmål om vekst, utvikling og trivsel hos barnet.

Kva kostar det?

Alle tilbod hos oss er gratis. 

Barnevaksinasjonsprogrammet

Barnet ditt blir vaksinert etter barnevaksinasjonsprogrammet. 

Du kan lesa meir om barnevaksinasjonsprogrammet på FHI sine temasider. 

Når får barnet ditt innkalling?
Program helsestasjon
Når Innhald
Ca. 1- 3 dagar Heimebesøk av jordmor
Ca 7 - 10 dagar Heimebesøk av helsesjukepleiar
3 veker Helsesjukepleiar. Vektkontroll (ved behov)
Ca 4. veker Barselgruppe med helsesjukepleiar og jordmor
6 veker Helsesjukepleiar + lege. Samtale, legeundersøking + vaksine
9 veker Temagruppe: Samspel
3 månader Helsesjukepleiar. Vaksinasjon
4 månader Temagruppe: Fysio / evt. individuell hjå helsesjukepleiar
5 månader Helsesjukepleiar. Vaksinasjon
6 månadar Helsesjukepleiar + lege. Samtale og legeundersøking
7/8 månader Temagruppe: tannhelse. Besøk frå tannklinikken / evt. individuell hjå helsesjukepleiar
10 månader Helsesjukepleiar
12 månader Helsesjukepleiar + lege. Samtale, legeundersøking + vaksine
15 månadar Helsesjukepleiar. Vaksine
18 månadar Helsesjukepleiar. (ved behov)
2 år Helsesjukepleiar + lege
4 år Helsesjukepleiar
6 år Skulestartundersøking, helsesjukepleiar + lege, samtale og legeundersøking

 

Helsestasjonen
Jordmor, Helsesjukepleiar
Telefon 52 79 23 10

Opningstid

måndag - fredag: 08:00 - 15:30

Adresse

Eidsvegen 3
4230 Sand

Kart

Kart