Tryggleiksalarm er ein alarm som ein ber på seg for å kunne tilkalla hjelp i akutte situasjonar heile døgnet. Kommunen tilbyr og anna teknologi som kan knyttast opp mot tryggleiksalarmar- såkalla velferdsteknologi. Dette kan vera elektroniske medisindispensarar, komfyrvakt, dørsensorar og brannvarslarar etc.
Kven kan få tilbod om tryggleiksalarm?
Tenesta er for heimebuande eldre eller dei med nedsett funksjonsevne som på grunn av sjukdom eller andre orsaker opplever utryggleik og/ eller har behov for å kunne tilkalla hjelp i akutte situasjonar.
Søknad og handsaming
Ein må søkje om tenesta via Bestillarkontoret. Har du rett på hjelp får du vedtak på tenesta. Ingen søknadsfrist. Alle søknadar blir vurdert kontinuerleg.
Søknadsskjema finn du her
Bestillarkontoret handsamer søknaden og du mottek eit vedtak som seier kva tenester som skal gis, og kor mykje og kor ofte søkjar kan forvente å motta tenester. Sakshandsamar vil ta kontakt så snart som råd etter at søknaden er motteken og avtale eit heimebesøk. Vurderinga skjer i samarbeid med deg og andre fagpersonar dersom du mottek tenester frå før.
Etter søknad er behandla tek kommunen kontakt for å avtale både montering og opplæring om produktet.
Pris
Her finn du gebyr
Klage
Sakshandsamar kan gi råd og rettleiing dersom brukar har behov for å klage på vedtak.
Sist endra 31.03.2023 09.04