Me tilbyr matombringing på middag for alle med vedtak. For heimebuande gis tilbodet 6 dagar i veka. Har du gjester kan du få bestilla mat til desse dagen før via kjøkken.
Kven kan få tilbod?
Alle kan få tilbod uavhengig av alder om du har rett på tenesta.
Slik søkjer du
Søknadsskjema finn du her
Tildelingskontoret handsamer søknaden og du mottek eit vedtak som seier kva tenester som skal gis, og kor mykje og kor ofte søkjar kan forvente å motta tenester. Søknadar vert handsama fortløpande. Sakshandsamar vil ta kontakt så snart som råd etter at søknaden er motteken og avtale ev. eit heimebesøk. Vurderinga skjer i samarbeid med deg og andre fagpersonar dersom du mottek tenester frå før. Etter søknad er behandla tek kommunen kontakt for å avtale oppstart av tenesta.
Kva kostar det?
Her finn du gebyr
Klage
Sakshandsamar kan gi råd og rettleiing dersom brukar har behov for å klage på vedtak.